171031 FK1

Bonden og forbrukaren sitt fyrsteval

Felleskjøpet Agri Volda har fullsortimentsbutikk, sterkt retta mot landbruket, i tillegg til forbrukarmarknaden. Dette, kombinert med delelager, profesjonell verkstad, innandørsmekanisering og maskinsal, meiner dei er ei god oppskrift for suksess.

I Morkamyra 21 i Furene næringsområde i Volda finn du Felleskjøpet Agri. 18 Juni 2015 flytta dei frå Rystelandet i Ørsta og inn i nye og topp moderne lokaler i Furene. Felleskjøpet Agri jubilerte med sine 120 år i 2016. Året etter står dei stadig stødig i den norske marknaden.


– Vi er spesialistar innan hage, gjødsel og tonnvarer (såfrø, gjødsel,  kraftfor, tilskotsfor og ensilering. Faktisk er vi dei einaste som har norskprodusert kjæledyrfor. Vi er eit solid firma eigd av bøndene sjølve. Det er dette som gjer oss sterke, seier Hilde Raudøy, dagleg leiar i Felleskjøpet Agri Volda.


Sjølv om talet på bønder går ned på landsbasis, opplever Felleskjøpet stadig vekst. Noko som tyder på at fleire og fleire vel Felleskjøpet som sin leverandør av driftsmiddel til landbruket.


171031 FK0


Forbukaren i fokus

– Vi har kanskje blitt oppfatta av forbrukarane som litt trauste og mest for bøndene, men dette meiner vi har snudd. 

Vi har blitt store og meir profesjonelle på butikk. Vi har satsa medvite på forbrukaren, og då spesielt på kjæledyr, hage og friluftsliv,  det er det mange som har oppdaga, påpeikar Raudøy. Ho viser til at det er ein fordel for forbrukaren å få ekspertisen servert frå bonden.


– Bonden dyrkar maten vår og har god erfaring i såing og dyrking av grønsaker og anna mat, seier ho. Den daglege leiaren for Felleskjøpet Agri Volda fortel at Felleskjøpet også har sitt eige for til hund og katt.


– Det er eit norsk for med gode norske råvarer, tilpassa mellom anna rase og alder. Vi har også ein garanti på produkta som gjer at kunden får att pengane om kjæledyret ikkje likar maten. Vi har også bonusordning på desse produkta, seier Raudøy.


171031 FK3


Maskiner og utstyr

I samband med lokaliseringa i Furene har Felleskjøpet fått meir plass til traktorar, maskiner og utstyr.

– Vi har eit stort utval av traktorar og anleggsmaskiner. Mellom anna har vi Caterpillar gravemaskiner, både små kompaktmaskiner og større maskiner. John Deere er vårt merke når det gjeld traktorar, og også der har det vore ei rivande utvikling med tanke på storleik og datateknologi, seier den daglege leiaren, som viser til at dei også har Vestlandet sin mest moderne landbruksverkstad for både store og små maskiner, med mekanikarar som har lang erfaring og kan traktor, landbruksutstyr og småmaskiner.


Vi skal heile tida prøve å vere i forkant, og utvikle oss i takt med landbruket og samfunnet elles. Samstundes når vi stadig nye kundegrupper, ikkje minst innanfor hage, friluftsliv, jakt og friske. Vi har mellom anna tur- og fiskeutstyr.


171031 FK2


Faghandel

Den daglege leiaren for Felleskjøpet Agri Volda er tydeleg på at dei er ein faghandel.

– Med oss skal kundane få faglege råd frå kvalifiserte medarbeidarar. Dette vere seg ein traktor,  motorsag, plenklippar eller eit vaskemiddelprodukt. Kundane skal kjenne seg trygge på at dei får gode faglege råd hos oss. Alle tilsette blir kursa på sine ansvarsområde, men dei skal også vite litt om alt. Ikkje minst skal ein vise kunden respekt og god service, seier ho. Tilbakemeldingane frå kundane er også god.


– Vi får mange kjekke tilbakemeldingar både frå kundar i butikk og via Felleskjøpet sitt servicesenter på Lillestrøm. Dette set vi stor pris på, sidan vi jobbar bevisst og planmessig med å yte god service, påpeikar Raudøy.


171031 FK


Inviterer alle

Sjølv om fleire og fleire finn fram til Felleskjøpet Agri Volda sin butikk i Furene, inviterer den daglege leiaren alle til butikken for å sjå kva dei byr på.

– Eg trur mange vil bli overraska over alt som vi har. Vi har flotte produkt til alle årstider, og mange finn flotte gåveartiklar hos oss. I tillegg har vi ein fin butikk med god plass mellom hyllene, og vi har produkt som høver til heile familien, seier ho.


Verksemda har også opne dagar med utstillingar, mat og drikke fleire gonger i året. Også eigarane er representerte desse dagane.

– Då er her ekstra mykje folk og stor stemning. Dette gjer vi for å vise oss fram og skape ein sosial møteplass for både våre faste og nye kundar, seier dagleg leiar Hilde Raudøy.

Les mer...

2017-01-16 16.15

DC984588-EAF3-4F54-8E1F-68583FAE913C_1

Hvorfor man bør benytte seg av sammenligningsverktøy når man skal velge mobilabonnement

Artikkel I en verden hvor mobiltelefonen er blitt en uunnværlig del av dagliglivet, er valget av riktig mobilabonnement mer kritisk enn noensinne. Med et mylder av tilbud fra en rekke operatører, kan det være en...
sorbetong1

Tillit og samarbeid i fokus for nystartet betongfirma på Sørlandet

Artikkel Sør Betong AS, er et nyetablert betongfirma som er lokalisert i Farsund og drives av to pålitelige håndverkere som setter kvalitet foran kvantitet.

Kontaktinformasjon

article1

Beste stedene å campe i Norge

Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

Å jobbe som vikar

Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

Digitale møter: Tips for nybegynnere

Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

Arkiv