171118 ÆC171118 ÆC0171118 ÆC1171118 ÆC2

Kvalitetsråvarer, kaker og bakverk

ÆRA Kafé & Fetevare held til i Verkstedet Senter i Kleppestø, Askøy. Dei tilbyr lunsjmeny basert på kvalitetsråvarer, kaker og bakverk. I fetevarehyllene finn ein mykje godt til ein god middag eller til å kose seg med.

Det Norske Bransjemagasinet møter Ane Furnes Berland og Sondre Emil Haugen Wikum hos ÆRA Kafé & Fetevare AS på Kleppestø i Bergen. Begge er utdanna kokkar og har bakgrunn frå hotell, restaurant og catering frå både Bergen og Stavanger. Saman deler dei den store lidenskapen for mat og kokkelering. 

Kva var det som gjorde at de valde å satse på ein kafe på Kleppestø?

-Vi var begge klare for nye utfordringar. Då kafeen her på Kleppestø var til salgs var det lett å hoppe i det. Vi kunne såleis ta over ein etablert kafe, der vi har skapt vår eigen stil. Vi har eit rikt utval av mat, og kan tilby mykje spennande frå øverste hylle, fortel Ane og Sondre Emil. 

Dei har kafé med fetevareutsal, og høve for møter og selskap utanfor kafeen sine opningstider. I tillegg leverer dei catering til alt frå konfirmasjonar til bryllup.

-Vi har stort fokus på kvalitetsprodukt. Det må gjerne vere lokale råvarer og økologiske produkt, men det viktigaste er at det skal vere kvalitet, påpeikar Sondre Emil. Han får støtte frå kollega Ane, som viser til at dei også har fokus på sesongprodukt. 

Vi har stort utval av spekemat, som både er norsk og økologisk. Vi har også norsk ost og eit rikt utval av konfekt og sjokolader. 


171118 ÆC1


Røykt fisk 

Sondre Emil, som faktisk var den yngste deltakaren i fjernsynsprogrammet MasterChef Norge i 2011, hadde allereie som 16-åring stort fokus på mat og fisk. 

-Eg har eit lite mikrorøykeri der eg røyker laks og ørret ut frå gamle oppskrifter. Gode råvarer forvalta på riktig måte gir gode resultat, smiler han. Fisken får dei frå eit fiskemottak på Sotra, som klargjer fisken for vidare foredling.   


Kokkelering i heimen

ÆRA Kafé & Fetevare tilbyr også konseptet «Kokk Heim», der kokkane kjem heim til deg på kjøkkenet og ein kan være gjest i eige selskap.

-Vi gjer det meste i forkant på vårt kjøkken, og kjem heim til kunden og ferdigstiller og anretter maten. Medan kunden arrangerer selskap for sine vener i heimen, er det vi som står på kjøkkenet, seier Ane. Sondre Emil supplerer med at det blir nesten som å gå ut med vener, men at festen er i heimen.

- Du slepp å lage maten, men det blir meir personleg i heimen enn på ein restaurant, seier han. 


Matfagleg

Sidan både Ane og Sondre Emil er kvalitetsbevisste kokkar, er dei ikkje i tvil om at dei står for matfagleg kompetanse. Dei er også kjende for å servere solide og gode porsjonar med mat.

-Det skal vere rause og gode porsjonar. Maten skal smake godt ut frå gode råvarer og produkt, understrekar dei.

Planane er ellers mange og varierte om å utvikle kafeen på Kleppestø. Temakvelder, event og utvikling av catering er tre områder dei gjerne vil jobbe vidare med. Samstundes vil dei halde på stilen som dei har skapt det første året i vertskapsrollen.

171118 ÆC2


-Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre. Kritikken går gjerne på at vi har stengt søndag og måndag, men vi må ha litt fri vi også, erkjenner dei. Likevel opnar dei gjerne dørene om dei får bestillingar desse dagane. Slik er det også om nokon vil bestille lokalet til konfirmasjon og andre selskap. Det er berre å ta kontakt for bestilling, smiler Ane og Sondre Emil.

Les mer...

2017-03-27 13.15

dynamicengineering2

Dynamic Engineering AS: Revolusjonerer oppdrettsnæringen med sitt Dynamic FishEye kontrollsystem

Artikkel
bildetilartikkel1

Veien til drømmekarrieren

Artikkel Naviger jungelen av muligheter med en karriereprøve.

    Kontaktinformasjon

    national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

    Å jobbe som vikar

    Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    Arkiv