171065 BC

Fotogalleri – 100 realiserte ''draumar'' på Sunnmøre

Suksessoppskrifta for arkitektverksemda Bucci Arkitektur & Design AS i Ulsteinvik er å kunne leike seg og ha det kjekt på jobb - i samspel med inspirerte kundar.

Einebustadar og hytter, men også fotballstadion, idrettshallar, administrasjonsbygg, næringsbygg, klubbhus, skular, kyrkjer og andre spektakulære bygg er blitt realisert. Bucci Arkitektur & Design har mange spennande prosjekt på skrytelista etter snart 12 år i Sjøgata 21 i Ulsteinvik. Målet er å realisere draumar. Desse kan studerast nærmare på heimesida deira www.bucci.no, og/eller sjåast i realisert form ulike stadar på Sunnmøre.


For det er Sunnmøre som er primærområdet, men dei har oppdrag over heile landet. 


-Det er givande å realisere prosjekt for entusiastiske, handlekraftige sunnmøringar, seier dei to syskenborna og kollegane Georg og Iver Olaf Grimstad til Det Norske Bransjemagasinet. Saman med sivilarkitekt Anna Litwornia utgjer dei Bucci Arkitektur & Design AS.


171065 BC0


Italiensk tilknytning

Bucci Arkitektur & Design AS fekk sin fødsel hausten 2005. Då starta sivilarkitekt Georg Grimstad formelt eige selskap, der familienamnet "Bucci" var svært naturleg med hans italienske tilknytning. 


- Målet er å få utfalde seg arkitektonisk og kunne leve av det, men også å skape ved å utvikle design, seier gründeren Grimstad. Han viser til at Bucci allereie har vore engasjert i ei stor breidde av aktivitetar. Møbeldesign, båtinnredning og hagedesign finn ein også i den realiserte portefølja.


- Vi er heller ikkje framande for å ta tak i renovasjonar og påbygg eller tilbygg, gjerne der det gamle skal møte det nye.


171065 BC1


Kompetanse

Dei to kollegane Grimstad fortel at alt arbeid dei utfører skal vere i samsvar med forventa arkitekt-kompetanse. 


- I tillegg vil vi kunne innta ei formell ansvarsbelagt rolle som part i ein søknadsprosess. Det forpliktar i større grad, påpeikar Georg Grimstad. Han viser til at mange kan vere rådgjevarar, men den ansvarlege skal sørge for at rette val blir gjort og må stå til rette for desse.


- Dei aktuelle rollene er ansvarleg søkjar og ansvarleg prosjekterande for arkitektur. Vi kan ta på oss desse rollene samla eller enkeltvis.


Arkitekthjelp i ulike faser

"Grimstingane" fortel at eit arkitektoppdrag hos Bucci Arkitektur & Design AS gjerne er delt opp i ulike faser. Frå ideen og konseptutviklinga, via prosjektering og detaljering, til gjennomført bygg. 


- Desse oppdraga kan vi ta på oss enkeltvis eller samla, i samsvar med to hovudformer for honorering, fastpris og timebasert.


Det er viktig å få fram at arkitekthjelp ikkje berre er for «eliten», men at ein to-tre timers samtale om konsept, tomt, grep, byggekostnad, "livet – døden og havet", kan vere med på å stoppe "feil" prosjekt og opne augene for ukjent potensiale. Ei slik investering er typisk 0,1-0,5‰ av byggekostnaden for ein einebustad!


Georg og Iver-Olaf lyfter fram mottoet til firmaet: "Value for money", og oppmodinga deira er tindrande klar:


-PRØV OSS!

Les mer...

2017-01-24 13:00

184017i

– Vi har fått vanvittig bra kundeforhold takket være Mittanbud

Artikkel De vinner anbudsrundene gang på gang og har fornøyde kunder så langt øyet kan se. Asfaltørene Bergen legger asfalt i tjukke lag, og vinner kunder på ærlighet og skikkelig utført arbeid.
184015ds

Man kommer langt med sunne verdier

Artikkel Entreprenørfirmaet Kaare Mortensen AS, er tuftet på sunne og gode verdier. Med et målrettet fokus på HMS, ydmykhet og lang erfaring, seiler de i medvind.

Faktaruta

Norskkunsthandverk

Norsk design – en kulturarv av de sjeldne

Designbutikken Norway Designs i Stortingsgaten 28 i Oslo, selger nordiske småskalaprodukter - i stor skala. Norway Designs vil at vi omgir oss med norske kvalitetsprodukter, og har en god forklaring til hvorfor.

IMG_3765

Jakten på naturlig skjønnhet

Jan Thomas tar oss med på reisen til godt selvbilde og velvære

Ann-Kristin-Ytreberg-3

Redder miljøet - én bedrift av gangen

Bedrift for bedrift, jobber stiftelsen Miljøfyrtårn seg fremover – eller tilbake, til en grønn planet.

Arkiv