171030 DV4171030 DV171030 DV0171030 DV1171030 DV2

Kremmar med kvalitet - midt i Ørsta sentrum

Dei har den beste plasseringa i Ørsta sentrum. Dale Vindu & Interiør AS er synleg for alle som passerer E39 gjennom Ørsta sentrum. Det skal ikkje vere tvil om at verksemda er på plass med kvalitet og ekstraservice. Det siste tilskotet er interiørarkitekt.

Vi har tilpassa oss behovet i marknaden og tilsett Monica Sem som interiørarkitekt. Ho vil hjelpe dei som kjøper kjøkken med oss. Med oss får du altså interiørarkitekten på kjøpet, smiler eigar og dagleg leiar Yngve Dale. Han er tredje generasjon grunder i den historiske familieverksemda Brødrene Dale AS. Butikken i Ørsta er 13 år, på offensiven og klare for nye spennande oppdrag.


Går ein tilbake til 1947, finn ein grunnsteinen til morselskapet, Brødrene Dale. Frå å vere totalleverandør av møblar til hus og heim, vart verksemda på Dale i Volda kommune etter kvart spesialistar på vindauge og dører. Yngve Dale tok til i morselskapet i 1993, men flytta ved årtusenskiftet til Oslo for å oppleve litt større forhold. Han innsåg likevel etter tre år at det var i distriktet og på Sunnmøre han ville busette seg. Han fekk såleis og morselskapet med på tanken om å opne nisjebutikk etter målsaum i Ørsta. Ein stolt Dale kunne 5. mars 2004 stå for ei storstilt opning av butikken der budsjettet på 3,5 millionar kroner vart smadra med 6 millionar første driftsåret.


Generasjonsskiftet

I 2011, i samband med eit generasjonsskifte, vart morselskapet delt i to. Såleis vart namnet på butikken i Ørsta døypt Dale Vindu & Interiør. Broren Lasse tok samstundes over fabrikken på Dale.

Butikken har hatt same hovudprodukta opp gjennom åra, men har landa på innreiinsom sitt hovudprodukt. Dei har også fokus på vindauge, garasjeportar, dører, trapper og montering.


-I butikken finn du fire dyktige og rutinerte seljarar som står klare for å oppfylle både små- og store draumar. Vi er ei nisjebedrift som utfører målsaum, og er unike i måten vi utfører arbeidet på. Ta difor turen innom butikken og slå av ein prat, oppmodar Dale.

Han legg heller ikkje skjul på at snikkaravdelinga har vore vesentleg for suksessen til verksemda. Yngve har i fleire periodavore montør sjølv, og har i dag fire dyktige montørar på laget sitt.  


-Vi kjem nok til å tilsette ein femte montør, for å ta unna etterspurnaden for 2017. I dag vil gjerne kundane at vi monterer produkta som dei kjøper. Då skal vi stå klare for å utføre dette for våre kundar, påpeikar Dale. Han fortel at montørane i verksemda også tek på seg oppdrag som å pusse opp bad, renoveringsprosjekt, tilbygg, etterisolering og mykje meir. Ingen oppdrag er for små, nesten ingen er for store.


171030 DV3


Lojale kundar

Primærområdet for verksemda er Volda og Ørsta, men dei har også oppdrag på heile Sunnmøre og i Nordfjord. 


-Kunden vil gjerne handle lokalt, og vi har svært mange trufaste og lojale kundar. Vi er ein seriøs og god leverandør, og er stolte av det, påpeikar han. Kvalitet er eit viktig stikkord, og verksemda opplever at fleire og fleire vel kvalitet framfor kvantitet. 


- Vi har i hovudsak kortreiste norskproduserte kjøkken og vindauge. Det er svært god kvalitet, understrekar Dale. Han er like raus når han omtaler sine tilsette, handplukka som dei er.


- Vi har ei god blanding av nordmenn og islendingar, som har sine spesialfelt både når det gjeld montering og oppfølging. Stikkord er kvalitet, kvalitet og kvalitet. Er du eit godt medmenneske får du gjerne gode folk med deg på laget. Samstundes er det viktig at vi byggjer ein arbeidsplass der vi gjer kvarandre gode.


Vi står for fagkompetanse utan kjedetilknyting. Er vi ærlige og gir kundane våre det som vi lovar, så trur og håper eg at det skal vere nok til å vere kundane sitt val i mange år framover.

Les mer...

2017-02-01 14.45

bildetilartikkel1

Veien til drømmekarrieren

Artikkel Naviger jungelen av muligheter med en karriereprøve.
dynamicengineering2

Dynamic Engineering AS: Revolusjonerer oppdrettsnæringen med sitt Dynamic FishEye kontrollsystem

Artikkel

    Kontaktinformasjon

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    vidaxl

    Fem måter å nyte mer tid utendørs

    Uansett hvor du bor, om det er i et hus med hage, en leilighet, eller en hybel, er det synd om du ikke utnytter sjansen til å tilbringe ekstra tid ute, spesielt i sommermånedene. Når solen er ute og temperaturen stiger, er det mange som liker å få litt frisk luft og naturlig D-vitamin. Men kanskje synes du det er vanskelig å forlate hjemmet av en eller annen grunn? Heldigvis er det ingen grunn til bekymring. Vi har samlet en liste over måter å lokke deg selv til å begi deg ut i den solfylte naturen.

    Arkiv