171132FAS1171132FAS2

Fornybar oppvarming og kjøling frå sjøvatn

I Eid kommune i Nordfjord er det satsa tungt på fjordvarme som energikjelde. Fjordvarme AS har gjennom mange år jobba med å utvikle gode løysingar for bruk av energi frå sjøvatn til oppvarming og kjøling av bygningar. Desse løysingane kjem no til nytte for andre tettstader, byar eller utbyggingsprosjekt langs kysten vår.

Fjordvarmeanlegget gjev rein og fornybar energi både til verksemder, offentlege bygg og bustader i kommunesenteret Nordfjordeid. Så langt er 53 varmepumpeanlegg i drift. Samla bygningsmasse som nyttar anlgget til oppvarming og kjøling er på meir enn 90.000 m2. Kapasiteten til anlegget blir utvida våren 2017 gjennom bygging av eit nytt sjøinntak med tilhøyrane vekslarhus og tekniske installasjonar.


– Gode løysingar er no utvikla og tilgjengeleg for marknaden. Erfaringane frå planlegging, utbygging og 13 års drift på Nordfjordeid, gjer at det er enklare og rimelegare for andre å kome i gang med utbygging, enn det var for pilotkommunen Eid. Vi ønskjer å bidra til ei større satsing på fjordvarmeanlegg i dei mange byane og tettstadene langs kysten, seier dagleg leiar i Fjordvarme AS, Magne Hjelle.  Han viser til at kommunar og energiselskap er sentrale aktørar for å kome i gang med store prosjekt i utbygde område. I tillegg kan eigarar av sjønære utbyggingsområde sjølve ta seg av utbygginga på sine eigedomar.


Nordplan AS er no hovudeigar i Fjordvarme AS, som held fram med å vere ein uavhengig rådgjevar. Fjordvarme AS leverer tenester knytt til prosjektadministrasjon, prosjektering og drift av energianlegg basert på fornybar energi, samt energibruk i bygg. Nordplan AS har også overteke Enøk-senteret AS. Vidare utvikling av tenester og kompetanse for Fjordvarme AS vil skje i samarbeid med Nordplan og Enøk-senteret. Samla er det i dag 10 energirådgjevarar i desse selskapa til saman.


171132FAS2

Ta kontakt

Fjordvarme AS har eit nettverk av samarbeidsbedrifter som har vore med på pilotprosjektet, Fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid og andre prosjekt. Samla sett har desse bedriftene god kompetanse på alle fagomreåde, noko som kjem til nytte for andre utbyggarar.


- Det er berre å ta kontakt med oss, seier Magne Hjelle til Det Norske Bransjemagasinet. Han fortel at Fjordvarmeprosjektet er eit pilotprosjekt der tilgjengeleg teknologi er sett saman til ei omfattande utbygging for eit heilt lokalsamfunn.

 

- Tilskot til utbygging er eit viktig bidrag for å kome i gang med slike miljøprosjekt. I dag er det Enova som handterer denne ordninga for staten. Vi kan hjelpe utbyggarane med å søkje om tilskot, seier dagleg leiar Magne Hjelle. 


Kompetansesenter

Svært mange tettstader i Noreg ligg nær ved ein vasskjelde som kan nyttast på same måten som Eidsfjorden i Fjordvarmeprosjektet. 

-Prosjektet på Nordfjordeid kan difor vere eit mønsterprosjekt for andre tettstader, men det er viktig at prosjekta både blir tilpassa dei lokale tilhøva og den aktuelle utbyggaren som tek ansvar for utbygginga. Systemløysingane og grensesnitt mot kundane vil difor variere frå plass til plass. Dette vil føre til ei raskare omlegging til meir effektiv og miljøvennleg energibruk og større utbreiing av vassbaserte varmepumper på landsbasis. 


Gode referanser

Fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid, som Fjordvarme AS har drifta sidan 2004, er eit fullskala referanseanlegg for selskapet. Fjordvarme AS har også fleire referansar frå andre plassar, til dømes i Ulsteinvik på Sunnmøre og i Førde i Sunnfjord. På desse plassane har selskapet utvikla prosjekta gjennom forstudiar, søkt om Enova-tilskot og vore prosjektleiar i prosjekterings- og utbyggingsfasen, seier dagleg leiar Magne Hjelle. 


Rekruttering

For å auke kapasiteten og kompetanse innanfor fleire typar fornybar energi, vil Fjordvarme AS rekruttere fleire tilsette framover. Dette gjeld også på VA-området, som er eit nærliggande fagområde. 


-Vi har tru på at fornybar varme og kjøling frå sjøvatn vil vere ei riktig satsing i mange år framover, seier dagleg leiar Magne Hjelle. Potensialet er enormt!

Les mer...

2017-03-29 16.45

e2solutions1

Slik kan e-handelaktører spare opptil 40 prosent på sin frakt

Artikkel IT-selskapet Konsept-IT, står bak Shopify-partneren E2 Solutions’ app for nettbutikker. Med appen CargonizE2, kan en e-handelaktør få tilgang til eksterne fraktavtaler og få en skreddersydd totalpakke...
preftek4

Konkurransedyktig prefabrikkeringsaktør leverer effektive løsninger til offentlige bygg

Artikkel Preftek AS, er Norges ledende leverandør av prefabrikkerte løsninger for energisentraler og rørtekniske rom – skreddersydde løsninger og produkter av høy kvalitet for kunder med ulike behov. – Det er...

    Kontaktinformasjon

    vidaxl

    Fem måter å nyte mer tid utendørs

    Uansett hvor du bor, om det er i et hus med hage, en leilighet, eller en hybel, er det synd om du ikke utnytter sjansen til å tilbringe ekstra tid ute, spesielt i sommermånedene. Når solen er ute og temperaturen stiger, er det mange som liker å få litt frisk luft og naturlig D-vitamin. Men kanskje synes du det er vanskelig å forlate hjemmet av en eller annen grunn? Heldigvis er det ingen grunn til bekymring. Vi har samlet en liste over måter å lokke deg selv til å begi deg ut i den solfylte naturen.

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    hellofresh

    Hvordan skape mer hygge på kjøkkenet

    For mange er matlaging bare en av hverdagens plikter, en ndvendighet som nesten går på autopilot. Brødskiver smøres, poteter koker og oppvasken går, alt uten at du tar deg mye tid til å tenke over det. Kjøkkenet er gjerne ikke det første rommet du forbinder med hygge og kos, men vi mener det burde være det.

    Arkiv