172039-1172039172039-2172039-3

Der draumen vert realitet | Hotel Union Geiranger

Det fantastisk flotte og ærverdige hotellet i turistbygda Geiranger speglar seg i vårsola. Hjørnesteinsverksemda Hotel Union Geiranger er mykje meir enn eit hotell. Det er ein institusjon som har ei klar målsetting om å realisere draumar.

Historie, kvalitet og felleskap. Tre viktige stikkord for dagens hotellvertar på Hotell Union Geiranger. Monja og Sindre Mjelva er svært opptekne av å skape den sterke og unike Union-atmosfæra. Ekteparet er i dag vertskap i fjerde hotellgenerasjon. Det Norske Bransjemagasinet møter det imøtekomande vertskapet ein strålande solskinsdag i Geiranger. Inne i ein av salongane blir vi servert nytrekt kaffi med nydeleg konfekt til. Konfekt som faktisk blir produsert på hotellet sitt eige kjøkken.


172039-2


Ærverdig historie

Sindre Mjelva fortel at Hotel Union vart bygt i 1891, av ålesundaren A. Shieldrop.

-Bygget var opphaveleg i tre, med inspirasjon frå dragestilen eller sveitserstilen, i nær slekt med Art Nouveau og Jugend, og identisk med trehotellet på Øye, fortel han. Det var oldeforeldra til Sindre, Julie og Karl Mjelva, som kjøpte Hotel Union Geiranger i 1899. Den driftige familien starta også bilfabrikk, kraftverk og komfyrfabrikk på staden.

Hotellet er utvida og ombygd fleire gongar.


-Det som stod att av trehotellet, vart fjerna i 1979. Dette var naudsynt for å møte kravet frå internasjonale gjester, påpeikar Sindre Mjelva. Han fortel at hotellet seinare vart utvida, med ein moderne kurs- og konferanseavdeling, symjehall, ny toppetasje med 13 suitar, veteranbilutstilling, nattklubb, spa-avdeling og stadig nye tilbod inne og ute. I dag framstår hotellet som topp moderne med alle fasilitetar.


Stil og profil

Fellesskapkjensla er stor for vertskapet på hotellet.

-Stilen vår er bygd på å vere moderne. Vi skal gje og vise varme og omtanke. Dette, kombinert med flott interiør, historie og gode opplevingar, gjer at vi kan tilby våre gjestar eit ekte og fullblods hotellutval. Vi vil at hotellgjestane våre skal lengte tilbake til oss og ønskje å kome tilbake, seier Sindre og Monja nesten samstemt. Det er tydeleg at den fjerde generasjon hotellvertar på Hotell Union Geiranger har funne sin stil, og dyrkar den kvar einaste dag.


- Vi vil gjerne oppfylle både små og store draumar. Frå kjærasteturen til bryllupsfeiringa eller barnedåpen, seier Monja og skjenker i ein ny kopp med kaffi. Ho passar på at vi får smake både den eine og den andre konfekta som står på bordet. Gjestfridomen er tiltalande, og vi ser utover ein blikkstille Geirangerfjord, som naturlegvis er på verdsarvlista til Unesco.


172039-4


Sterkt møte

Då Monja kom til Geiranger første gong, ein gong på 90-talet, for å jobbe som stuepike på Hotell Union Geiranger – fekk ho tårer i augene. Ikkje på grunn av heimlengsel, men fordi ho synest bygda var så fantastisk vakker.


-Det er veldig personleg, men då eg kom ned Ørnesvingane vart eg bergteken av plassen, smiler ho.

Det var derimot ikkje på hotellet at Monja fann kjærleiken til arvingen til turishotellet.


-Det var faktisk eit tilfeldig møte i Oslo ein god del år seinare som gjorde at vi møttes og fann tonen, seier Sindre, og får støttande nikk frå Monja. Sindre hadde teke utdanning som siviløkonom, men gjekk også på hotellfagskule i Sveits og var seinare trainee i Rica-kjeden. Han fekk såleis god erfaring og fagleg ballast.


172039


Internasjonalt nivå

Naturen er gratis i Geiranger. Store kontrastar vert spegla mellom fjord og fjell. Det kostar nokre kroner å ta inn på Hotel Union Geiranger, men vertskapet er klar på at gjestane betaler for kvalitet.


- Ikkje minst gjeld dette kombinasjonen med hotell og Spa. Dette gir ein komplett grunnpakke, påpeikar Monja. Ho er klar på at dei har eit Spa som er på eit internasjonalt nivå.


- Det er veldig kjekt når våre internasjonale gjestar gir oss terningkast 6 på vårt norske Spa. At våre norske gjestar kjem tilbake gong på gong er også eit godt kvalitetsstempel, seier ho.


- Dette gjeld også mat og drikke, understrekar Sindre Mjelva. Han er saman med sin ektefelle i 4. generasjon svært oppteken av at det skal vere kvalitet i alle ledd. Det er på den måten vi får stadig nye gjestar til å kome på besøk, og ikkje minst – gjestane som har vore her kjem også tilbake, seier han.

Dei er samstemte på at det å yte service ikkje kjem av seg sjølv.


-Dette gjeld både produktinnhald og kultur. Kulturskilnadane er store, men då gjeld det å tilpasse seg ulike kulturar. Vi har tilsette med svært god arbeidsmoral. Tilsette som set gjesten i fokus, smiler Monja. Hotellet har hatt opptil 15 nasjonalitetar mellom dei 140 tilsette på lønningslista si til tider.


Ein ny sommar er over oss. Fjerde generasjon vertskap på Hotel Union Hotell ønskjer alle hjarteleg velkomne på besøk. Dette gjeld både sommar, haust, vinter og vår!


172039-6

Les mer...

2017-05-22 19.45

safeline4

Smart teknologi gjør dette til framtidens heis

Artikkel SafeLine har levert heisalarmsystemer siden 90-tallet, og er en stor aktør i Europa med over 350 000 installasjoner. Nå lanseres SafeLine LYRA – enheten som digitaliserer heistrafikken, forutser vedlikehold...
e2solutions1

Slik kan e-handelaktører spare opptil 40 prosent på sin frakt

Artikkel IT-selskapet Konsept-IT, står bak Shopify-partneren E2 Solutions’ app for nettbutikker. Med appen CargonizE2, kan en e-handelaktør få tilgang til eksterne fraktavtaler og få en skreddersydd totalpakke...

    Kontaktinformasjon

    • Hotel Union Geiranger
    • Mail
    • Hjemmeside
    • Telefon:
      702 68 300
    • Adresse:
      6216 Geiranger
    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    vidaxl

    Fem måter å nyte mer tid utendørs

    Uansett hvor du bor, om det er i et hus med hage, en leilighet, eller en hybel, er det synd om du ikke utnytter sjansen til å tilbringe ekstra tid ute, spesielt i sommermånedene. Når solen er ute og temperaturen stiger, er det mange som liker å få litt frisk luft og naturlig D-vitamin. Men kanskje synes du det er vanskelig å forlate hjemmet av en eller annen grunn? Heldigvis er det ingen grunn til bekymring. Vi har samlet en liste over måter å lokke deg selv til å begi deg ut i den solfylte naturen.

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    Arkiv