Cato-Eiksund-Rogne-sel-Ford.Kjell-Krumsvik-sel-Nissan.ørstabil

Bilsal med glimt i auget

Kjell Krumsvik og Cato Eiksund Rogne sel Nissan og Ford frå Sunnmøre sine mest moderne salslokaler i Hovdebygda i Ørsta kommune. I 2015 flytta dei inn i splitter nye lokaler rett ved flyplassen i Hovden.

Det er to bilselgarar med glimt i auget som ønskjer velkomen til potensielle bilkjøparar. Sjølv om den godt belyste bilhallen er full av splitter nye bilmerker frå Ford og Nissan, kan også Ørsta Bil by på eit komplett bilvarehus for dei fleste lommebøker.



Solid erfaring

Krumsvik kan vise til lang og solid erfaring med over 30 års erfaring i bilbransjen. Han er stolt over det nye bilanlegget som mellom anna har alt lokalisert på ei flate, på 2300 kvadratmeter. I tillegg har anlegget merkeverkstad og godt med parkeringsplass. 


-Vi flytta frå ein utkant av Ørsta sentrum og til bilsentrum for både nye- og brukte bilar i Hovdebygda. Rundt oss har vi både konkurrentar og samarbeidspartnarar. Det viktigaste for kundane er at dei fleste bilforhandlarane i Ørsta kommune finn du i ei klynge ovanfor flyplassen, seier han. Den rutinerte bilselgaren har halde koken sidan 1986, då han og fleire av dei andre tilsette i verksemda starta opp bilforretning i Ørsta sentrum. 


- I år 2002 vart Ørsta Motor historie, og Ørsta Bil AS ein realitet. Strandgata i Ørsta var lenge adressa til bilforretninga, men i 2015 flytta vi til Hovdebygda. Sidan oppstarten i 1986 har vi hatt Nissan på salgskartet, og sidan midten av 2000-talet har vi også hatt Ford på nybilmenyen, seier han.


Eig seg sjølve

Dagleg leiar Kjell Krumsvik fortel at det er fem aksjonærar, som også arbeider i verksemda, som eig Ørsta Bil AS i dag.


- Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, og våre tilsette trivst i nye og flotte lokaler. Dette viser også att i lite fråver og at dei tilsette er stolte av å gå på jobb. Såleis har vi 11 tilsette som utgjer eit veldig godt team, der ein utfyller kvarandre på alle arbeidsområde i verksemda, seier Krumsvik. Han er glad i sine tilsette og synest han har ein svært god arbeidsstokk. 


- Vi måkte bilar i Strandgata i mange år. No slepp vi å måke bilar, sidan alle står under tak, smiler han. 


Ford i medvind

Etter ein trang fødsel, som bilselgar Cato Eiksund Rogne omtalar det, har Ford virkelig kome på marknaden i søre Sunnmøre dei siste åra.   


-Ford har alltid vore store i Norge, men har også hatt sine nedturar. Dei siste åra har det imidlertid berre gått ein veg, med stort spenn og spekter på bilmerka sine. Det er såleis enkelt å selge Ford for tida. På søre Sunnmøre var vi marknadsleiar i 2015, og det ser veldig bra ut også for 2016, seier Eiksund Rogne. Han er trygg på at han sel eit av dei beste bilmerka som er å finne på marknaden. Dette gjeld både som produkt og at Ford er prisgunstig. 


- Nissan er også eit merke som utfyller Ford på ein god måte. Det er på mange måtar ulike kundar for dei to bilmerka, påpeikar han.


Kjell-Krumsvik-sel-Nissan.


Kjell Krumsvik er klar på at Nissan også sel det doble av landsgjennomsnittet.

-Vi har mange trufaste kundar som kjem tilbake og kjøper bil hos oss. Mottoet vårt er; Fornøgde kundar er vårt mål, og det jobbar vi med kvar einaste dag på jobb.  Vi skal yte det vesle ekstra, og ta vare på kundane våre. Det gler oss såleis stort når ein kunde kjem tilbake for å kjøpe bil nummer to, tre og fire med oss. Det er ikkje berre bilmerket som er viktig for ein kunde, men god og kvalitativt god service er svært viktig. 


- Nissan var også først ute med el-bil, Nissan Leaf. I tillegg er Nissan frampå og innovative, noko som er viktig i ein tøff bilbransje der alle bilmerker i dag har flotte og gode bilar.




Midt i smørauget

Ørsta Bil AS føler at dei ligg midt i smørauget, med 12 nybilmerker og over 100 bruktbilar rundt seg. I tillegg ligg verksemda godt plassert like ved E39, midt mellom Volda og Ørsta. Ørsta/Volda Lufthamn Hovden ligg berre eit steinkast frå bilforhandlaren. 


-Vi har alt på ei flate, slik at kundane ser veldig godt kva vi har inne til ei kvar tid. Vi har god kontroll på bilparken og kan by på både nye og brukte bilar til dei fleste prisklasser. Verksemda får også gode tilbakemeldingar frå kundane sine.  


- Vi er ærlige, byr på kvalitet og er svært opptekne av å ha eit godt forhold til kundane våre.  


ørstabil

Les mer...

2016-10-24 15.30

ttbygg3

Derfor bør du unne deg en snekker

Artikkel Totalentreprenøren T&T Bygg AS, tilbyr et bredt spekter av oppussingstjenester for bolig og næring i Vestfold.
anleggsgartnerost2

Engasjert og erfarent anleggsgartnerfirma skaper imponerende utemiljøer

Artikkel Anleggsgartner Øst AS, har en lang kunnskap og bred ekspertise i anleggsgartnerfaget, med mangfoldige tjenester som strekker seg fra private hager til imponerende prosjekter innenfor offentlige områder.

    Kontaktinformasjon

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    hellofresh

    Hvordan skape mer hygge på kjøkkenet

    For mange er matlaging bare en av hverdagens plikter, en ndvendighet som nesten går på autopilot. Brødskiver smøres, poteter koker og oppvasken går, alt uten at du tar deg mye tid til å tenke over det. Kjøkkenet er gjerne ikke det første rommet du forbinder med hygge og kos, men vi mener det burde være det.

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    Arkiv