171081 SA2171081 SA0171081 SA171081 SV2171081 SV3

Frå første strek til ferdig bygg

Familieverksemda Sporstøl Arkitekter AS yter spisskompetanse i Nordvest. Frå sine flotte lokaler i 3. etasje i Blåhuset i Ulsteinvik har dei heile Nordvestlandet som nedslagsfelt. Her får du erfaring, kompetanse, engasjement og gjennomføringsevne.

 

Sporstøl Arkitekter AS dekker marknaden sitt behov innan arealplanlegging, arkitekturprosjektering, prosjekteringsleiing og byggeleiing på nybygg og rehabilitering.


Arkitektfirma Sporstøl vart etablert i 1991 av arkitekt MNAL Roald Sporstøl. I 1994 vart firmaet tilført tre nye partnarar, som har sitt arbeid i firmaet i dag.  


-I 2002 endra vi namnet til Sporstøl Arkitekter AS. Sidan starten har vi utført oppgåver innanfor plan og bygg på Nordvestlandet, seier Bjørnar Sporstøl, dagleg leiar i Sporstøl Arkitekter AS.


Han fortel om stor breidde når det gjeld kundar og prosjekt. Dei har oppdrag både for offentlege og private kundar.


- Innanfor det offentlege har vi prosjektert skular, barnehagar, omsorgssenter, helsehus, omsorgsbustadar med meir. På den private sida har det vore mykje næringsbygg og kontorbygg, samt fleire leilegheitsbygg og einebustadar, seier Sporstøl. Eit av dei nyaste kontorbygga som verksemda står bak, er nybygget til Hareid Group i Hareid kommune. Dette var innflyttingsklart i 2016.


- Noko vi også har brei erfaring med er kombinerte bygg. Slik som mellom anna «Setrevegen 2» i Stryn kommune, som ferdigstillast våren 2017. Der vert det både butikk, helsehus og bustadar. Sporstøl Arkitekter fekk for nokre år sidan byggeskikksprisar for to administrasjonsbygg. Det eine moderne (Brødrene Sperre), og det andre eit eldre verna (Fosnagard Remøy Shipping), noko som viser breidda i verksemda.


171081 SA1


Byggherren si stemme

Sporstøl Arkitekter har per i dag 12 tilsette. Kvar tilsett har allsidig kompetanse på fleire felt, og dei er ei god blanding av arkitektar og byggingeniørar.


-Vi er byggherren si stemme i gjennomføring av prosjekt. Vi gjennomfører planendringar, regulerings- og bebyggingsplanar. Idéar vert forma til visualiserte prosjekt i 2D og 3D, med digitale presentasjonar i bilete og tekst. Vi har brei erfaring med DAK og visualiseringsprogram, seier Ingvill Arhaug Bovill. Sivilarkitekten fortel at arkitektverksemda også står for utarbeiding av søknadsdokument og teikningar, anbods- og arbeidsteikningar, planlegging av interiør og utvendig anlegg.


Verksemda er også ofte samordnar av prosjekteringsgrupper for utarbeiding av kalkyler, forprosjekt og detaljprosjekt.


-I denne prosessen hentar vi inn naudsynt spisskompetanse, som mellom anna på akustikk, brann, elektro, VVS, landskap med meir, seier Bjørnar Sporstøl.


Lydhøyre

Med fleire hundre prosjekt i bagasjen er det mange som har hatt, og framleis har, ein nær relasjon til Sporstøl Arkitekter.


-Dei beste tilbakemeldingane vi får er at vi er lydhøyre. Det betyr at kundane oppfattar at vi tek dei på alvor og er lyttande, men også at vi gjerne stokkar korta og presenterer nye løysingar som kundane likar, seier Arhaug Bovill. Sivilarkitekten fortel at ho trivst svært godt i ein variert arbeidskvardag, der ein må vere tilpassingsdyktig.


-Vi legg vekt på å ha godt samarbeid, gode relasjonar og sparringspartnarar i entreprenørar og oppdragsgivarar. Ved at desse kjem tilbake gong etter gong veit vi at vi gjer noko rett, smilar Bjørnar Sporstøl.  Han viser til at kunden alltid er i fokus, og at ein saman tek prosjektet frå start til slutt.


171081 SV1


God gjennomføringsevne

Ein av dei sterkaste sidene til Sporstøl Arkitekter er gjerne gjennomføringsevnen.


- Kompetansen vår gjer at vi kan stå for eit skreddarsydd totalprosjekt. Dette forenklar prosessen for kunden og gjer at ein har berre ein part å forhalde seg til, påpeikar Sporstøl. Han legg ikkje skjul på at dette forenklar gjennomføringsevnen og at dette er ein faktor som verksemda er svært gode på.


-  Vi tilpassar oss endringane i marknaden, og står klar når oppdraget melder seg. Dette gjeld frå idé og planprosess til bygget står ferdig, supplerer sivilarkitekt Arhaug Bovill. Det at vi både er lydhøyre, har god gjennomføringsevne, og den allsidige kompetansen, gjer oss i stand til å takle utfordringane vi står overfor i marknaden.


Les mer...

2017-02-22 09.15

bilskadekvinesdal1

Profesjonell og rask bilskadehåndtering hos godkjent skadeverksted i Kvinesdal

Artikkel Bilskade Kvinesdal er utstyrt med moderne teknologi for å håndtere alle typer karosseri- og chassis-skader. For forsikringsselskaper utfører bilskadeverkstedet ulike reparasjoner og utskiftninger av bilglass,...
dynamicengineering2

Dynamic Engineering AS: Revolusjonerer oppdrettsnæringen med sitt Dynamic FishEye kontrollsystem

Artikkel

    Kontaktinformasjon

    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    hellofresh

    Hvordan skape mer hygge på kjøkkenet

    For mange er matlaging bare en av hverdagens plikter, en ndvendighet som nesten går på autopilot. Brødskiver smøres, poteter koker og oppvasken går, alt uten at du tar deg mye tid til å tenke over det. Kjøkkenet er gjerne ikke det første rommet du forbinder med hygge og kos, men vi mener det burde være det.

    Arkiv