164025 HIA3164025 HIA2

Hotell Ivar Aasen: Eit hotell som speglar den norske folkesjela

I Ørsta sentrum ved Ørstafjorden, omringa av dei nydelige Sunnmørsalpane, ligg Hotell Ivar Aasen.

Vivi-Ann Teige kom til bygda tidleg i 2014 og tok over som hotelldirektør på Hotell Ivar Aasen, som ligg idyllisk til i den sunnmørske tettstaden Ørsta. Hotell Ivar Aasen er eit lokalt hotell som ber preg av den nynorske folkesjela. Det er oppkalt etter Norge sin store diktar Ivar Aasen, som kom frå nettopp Ørsta. Hotelldirektør Vivi-Ann Teige kan fortelje at Ivar Aasen betyr mykje for hotellet. 


-Hotellet vart bygd allereie i 1965 og vart sist pussa opp i 2009. I den perioden hadde vi ein sterk interesse for å koble hotellet meir til bygda og det særpreget som du finn her hos oss. Vi følte at om vi hadde ein kobling til nynorsken sin far, Ivar Aasen, så ville det skape ein kjensle av tradisjon. Ivar Aasen er kjend som «nynorsken sin far». Han reiste rundt innanfor Noreg sine grenser, samla inn dialekter og utforma det nynorske språket. Det er ei statue av han i parken like ved hotellet, noko som gjer det litt spesielt. For å ikkje gløyme Ivar Aasen-tunet heller då, smiler Vivi-Ann, som er lokalisert midt mellom Ørsta og Volda. Tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Her kan ein også oppleve historia til Ivar Aasen og garden og omgjevnadane der han vaks opp. 


"Han saag ut på dei steinutte Strender; det var ingen, som der hadde bygt"

Frå "Nordmannen", tekst: Ivar Aasen


Vivi-Ann hadde besøkt Ørsta tidligare, i tida før ho skulle verte hotelldirektør. Ho kjente såleis til at hotellet låg fint og sentralt til i bygdebyen – omringa av nydelig natur, eit fantastisk utgangspunkt for fjellturar. I same gate som Hotell Ivar Aasen ligg kulturhuset. Her er det om lag kvar veke kjende artistar. Ørsta og omegn kan også by på ei mengde med festivalar, musikkarrangement og løp gjennom sommarsesongen.  


164025 HIA1


-Det er ein stor fordel å ha kulturhuset rett ved sidan av oss. Mange spennande artistar og komikarar har budd hos oss. Det er berre to minutt å gå for hotellet sine gjestar til konsert eller stand-up show. Det er kjekt å kunne tilby gjestane våre spennande aktivitetar rett utanfor hotelldøra. Før eller etter kulturopplevingar kan ein naturlegvis ete middag hos oss. Vi har svært flinke kokkar, og har fått mykje skryt av maten vår, seier den entusiastiske hotelldirektøren.


Hotellet har fem konferanserom totalt. Skårasalen, som er oppkalt etter fjellet med same namn, har ein heilt fantastisk panoramautsikt over Sunnmørsalpane. Frå takterrassen kan ein nyte utsikt til Ørsta sin stoltheit – Saudehornet, og den flotte blå Ørstafjorden. Treng du ei pause frå møter og stress, kan kanskje den vakre utsikta by på inspirasjon og nye idear. 


-Vi er svært stolte av møteromma våre, og tematikken vi har lagt i dei. Namna er linka til dei ulike fjelltoppane vi har i området. Møteromet vi er mest stolte av er sjølvsagt Skårasalen. Når du står midt i salen kan du sjå at vi har dekorert veggane med bilete frå utsikta på fjelltoppen, som absolutt er ein av dei flottaste attraksjonane vi har her i området.


164025 HIA


Det er ikkje berre konferansesalane som er dekorert på denne måten. Møblane på hotellet følgjer også ein minimalistisk stil, for å minne gjestane om naturen i området. Møblane er laga av Fora Form, ei møbelbedrift som er lokalisert i Ørsta, noko Vivi-Ann er stolt av. 


-Vi hadde lyst til å få naturen inn i hotellinteriøret, og det speglar seg godt med fargane vi trakk inn med hjelp av desse møblane. Så når du ser på alle rom og konferansesalane våre og biletbruken, er naturen rundt oss det gjennomgåande temaet.


Norge har alltid vore kjent for sine skogar og fjell, men i Ørsta har dei klart å tiltrekke seg gjestar frå stader ein ikkje skulle tru. Hotellet har til og med hatt toppturgjestar frå alpane i Austerrike, og dei var svært imponerte av Ørsta!  


-Den utanlandske marknaden har virkelig fått opp augene for Ørsta i det siste. Vi har også klart å tiltrekkje oss ein del turistar som reiser hit for å vandre i fjella våre.


Vivi-Ann tenkjer litt, og ser ut av vindauget.


-Eg snakkar mykje om naturen, men eg synest det er viktig å nemne den. Det er ikkje så mange som får oppleve ein slik utruleg og fantastisk natur som vi har her, og det er viktig å få fram. Det er mange som kjem hit med jobben sin for større konferansemøter, for å få ein pust i bakken, finne ny inspirasjon og drøfte sakene sine på ein meir avslappa og koseleg stad. 


164025 HIA0


Hotell Ivar Aasen er lokalisert midt i Ørsta sentrum. Fem minutt frå hotellet ligg Hovden flyplass. Så om du skal på forretningsreise, ein festival, eller berre treng ein flott og koseleg stad til konferansemøta dine – ja, då er Hotell Ivar Aasen verdt å sjekke inn på!


- God plassering, fantastisk område og god mat. Dette er ein trygg og god stad å velge for overnatting, eit godt måltid eller ein konferanse, avsluttar hotelldirektør Vivi-Ann.

Les mer...

2017-01-02 14.30

dynamicengineering2

Dynamic Engineering AS: Revolusjonerer oppdrettsnæringen med sitt Dynamic FishEye kontrollsystem

Artikkel
preftek4

Konkurransedyktig prefabrikkeringsaktør leverer effektive løsninger til offentlige bygg

Artikkel Preftek AS, er Norges ledende leverandør av prefabrikkerte løsninger for energisentraler og rørtekniske rom – skreddersydde løsninger og produkter av høy kvalitet for kunder med ulike behov. – Det er...

    Kontaktinformasjon

    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    hytte

    Utnytt din gamle hyttes potensiale

    Hyttekulturen står sterkt i det norske samfunnet. Mange har hytter som har gått i arv gjennom generasjoner, og som med tiden trolig har blitt slitt og trenger oppussing. I dag bygges det nye hytter for fullt, og dessverre blir mange eldre hytter stående tomme eller revet ned for å bygge nytt. 

    Arkiv