Dagleg leiar Ragnar Fjørtoft er krystallklar på at han sel eit av dei beste bilmerka på marknaden.
– Produktet vårt veit vi er svært bra. Difor er service og kundeoppfølging ekstremt viktig. Mottoet vårt er, Kunden først!, påpeikar Fjørtoft overfor Det Norske Bransjemagasinet. Målet er å gi gode kundeopplevingar til alle kundar som er i kontakt med Toyota Sunnmøre.
Hybrid i fokus
Sidan 2009 og fram til i dag har det vore mykje sal av hybridbilar hos verksemda.
– Dette gjeld både brukt og nytt, og kundane våre er interesserte i hybridbilar. Kundegrunnlaget er primært på søre Sunnmøre, men vi har også kundar frå resten av landet, ikkje minst på bruktbilar, seier den daglege leiaren.
RAV4 er også ein svært populær bil, som bilforhandlaren sel mykje av.
– I over 20 år har RAV4 vist oss korleis ein bil kan tilpassast ein aktiv livsstil året rundt. Med hybridteknologi og ein rekkje andre innovasjonar; frå den svært sikre, med Toyota Safety Sense, til den smarte løysinga med panoramamonitor.
Erfaring og kompetanse
– Vi har mange gode medarbeidarar hos oss som står for rutine og erfaring. Samstundes har vi også fornying. Nyleg fekk ein av våre lærlingar toppkarakter på sin fagprøve, seier den stolte daglege leiaren. Han erkjenner at bilforhandlaren blir oppfatta som ein traust og trygg plass for sine kundar.
– Vi står uansett klare når kundane har eit behov for våre tenester, seier Fjørtoft, som sjølv har vore på huset sidan midten av 90-talet. Sidan 2002 har han vore medeigar i Toyota Sunnmøre.
Ikkje berre bil
Toyota Sunnmøre AS er forhandlar av nye Toyota, og dei har også eit godt utval av person- og varebilar. Dei har også eit solid utval av kvalitetssikre brukte bilar.
Bilforhandlaren har eigen bilverkstad med topp utdanna Toyota-mekanikarar. Såleis er dei godt rusta til å ta vare på din Toyota. Dei har også eigen karosseriavdeling, som bistår kunden dersom uhellet skulle vere ute. Innan utgangen av 2017 skal Toyota Sunnmøre rive glashuset, og bygge på 90 kvm med nybilutstilling. Dei vil då framstå med 200 kvm areal.
– Vi får også ny fasade på verkstaden, og oppgraderer oss med nye og finare interiør for kundane våre. Såleis fornyar vi oss også for framtida, smiler dagleg leiar Ragnar Fjørtoft.