Tverrfaglig kompetanse i bygg og anlegg

Per Mulvik AS er eit rådgivande ingeniørføretak som tilbyr mange og omfattande tenester. Dette vere seg prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggeleiing, landmåling, planarbeid og taksering.

Føretaket vart skipa i 1972 av Ing. Per Mulvik, som då starta for seg sjølv. Det rådgivande ingeniørføretaket har deretter utvikla seg i storleik og fagbreidde. Per Mulvik AS har i dag ti faste tilsette. Alle dei tilsette har teknisk utdanning, hovudsakleg på bachelor- og masternivå frå høgskule og universitet.


Verksemda held til i moderne kontorlokale i Volda sentrum på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal. I tillegg har føretaket avdelingskontor i Nordfjord Næringshage i Eid kommune gjennom samarbeid med eit lokalt firma. Føretaket er autorisert medlem av Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) og av Norges Takseringsforbund (NTF) og har sentral godkjenning for ansvarsrett frå Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) i samsvar med gjeldande regelverk.


Æresmedlem

Eigar og dagleg leiar Ottar Magne Skare har også vore tillitsvald, som president i NTF. Det har han vore sidan 2011. Han har også vore tillitsvald i styret sidan 2003. I juni i år gjekk han av etter at han hadde oppnådd å samle bransjen til ein felles organisasjon.


-Dette skjedde under generalforsamlinga 2. juni år. NITO Takst og Norges Takseringsforbund vart endeleg slått saman til Norsk Takst. Dette har vi jobba for i 25 år, der målet har vore å samle bransjen, seier Skare, som gjekk av med å bli utnemnd som æresmedlem i Norsk Takst.


Den daglege leiaren for Per Mulvik AS har vore, og er framleis sentral i taksering over heile landet og i Europa. Han er også ein av to i landet som dei ti siste åra har vore forelesar for opplæring av takstfolk i naturskadetaksering.


– Det blir med andre ord stort fokus på takst, smiler han. Likevel understrekar Skare at det viktigaste i tida framover vert å vidareutvikle verksemda. 


NY181015 Mulvik 8, Foto Magne Krumsvik.


Varierte arbeidsoppgåver

Kvar tilsett i Per Mulvik AS har sine faste og varierte arbeidsoppgåver. Fokuset er gjerne som takstmann, byggeleiar, prosjektering, bygg og kommunal teknikk, som veg, vatn og avløp. 


– Den tverrfaglige kompetansen er vår største styrke. Vi har fagpersonar med solid erfaring og kunnskap om det vi held på med. Våre største kundar er forsikringsselskap og offentleg virke. Vi har også private bedrifter som kundar, men først og fremst offentleg og privat næringsliv, seier Skare. 


Som sakkunnige rådgivande ingeniørar kan dei også til tider gi råd til kunden om å kjøpe tenester med andre. 

– Gjerne då med våre samarbeidspartnarar, som vi veit vi kan stole på. Likevel, vi tek på oss store prosjekt med prosjekt- og byggeleiing. Utbyggingsfirma og private tek såleis gjerne kontakt med oss for arealplanlegging. Vi tilbyr med andre ord tenester til dei fleste faser i byggverk sine livsfaser, frå «vogge til grav», om ein kan seie det slik, forklarer den daglige leiaren. 

 

Lokale prosjekt

Per Mulvik AS er sentrale i mange lokale prosjekt, både i offentleg og privat regi.  


- Vi står for arealplanlegging, prosjektering av vegar, samlevegar, stikkvegar, vatn og avløp. Vi utfører også prosjektering av forstøttingsmurar og konstruksjonar med kontrollfunksjonar på betongmurar. I desse dagar er vi tungt inne i eit byggeprosjekt i Håmyra i Volda kommune.  For oss er dette eit stort prosjekt, påpeikar Skare, og fortel om godt samarbeid med Volda kommune,Din Bolig ogAurstad AS. 


- Næringsmarknaden er vårt fokus. Vi tek oss av analyser av alt med byggeprosjektet. Vi er stolte av kompetansen vår, som held høgt nivå. Dette gjeld også brannteknisk kompetanse, påpeikar den daglege leiaren overfor Det Norske Bransjemagasinet.    


Skare kan vise til ein stor kundeportefølje opp gjennom selskapet si nær 50-årige historie.


– Vår oppgåve er å vere ryddige og profesjonelle. Kunden skal kjenne seg trygg på at dei får den beste handsaming som vi kan gi. Slik har det alltid vore, og vi legg vår ære i dette, seier Ottar Magne Skare. 


NY181015 Mulvik 3, Foto Magne Krumsvik.

Les mer...

2018-09-04 18.45

rohneselmerab6

Blir én av de mest solgte bilene i 2024

Artikkel RøhneSelmer Asker og Bærum troner som Norges ledende Ford-forhandler, og ved RøhneSelmer Asker og Bærum, rulles rykende ferske nyheter fra Ford ut én etter én. Med nye lanseringer og gamle klassikere,...
ilder3

Omdefinerer teknologi med nyskapende teknologiløsninger

Artikkel Ilder AS i Bergen er en teknologibedrift som utvikler digitale løsninger for nasjonale og internasjonale selskaper. Med et åpent sinn for ukonvensjonelle løsninger og nye bruksområder, jobber Ilder tett...

Kontaktinformasjon

  • Per Mulvik AS
  • Hjemmeside
  • E-post
  • Telefon:
    70 07 49 90
  • Adresse:
    Holmen 7, 6100 Volda
compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

Farvel til tradisjonell leksehjelp?

Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

Digitale møter: Tips for nybegynnere

Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

hellofresh

Hvordan skape mer hygge på kjøkkenet

For mange er matlaging bare en av hverdagens plikter, en ndvendighet som nesten går på autopilot. Brødskiver smøres, poteter koker og oppvasken går, alt uten at du tar deg mye tid til å tenke over det. Kjøkkenet er gjerne ikke det første rommet du forbinder med hygge og kos, men vi mener det burde være det.

Arkiv