Tverrfaglig kompetanse i bygg og anlegg

Per Mulvik AS er eit rådgivande ingeniørføretak som tilbyr mange og omfattande tenester. Dette vere seg prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggeleiing, landmåling, planarbeid og taksering.

Føretaket vart skipa i 1972 av Ing. Per Mulvik, som då starta for seg sjølv. Det rådgivande ingeniørføretaket har deretter utvikla seg i storleik og fagbreidde. Per Mulvik AS har i dag ti faste tilsette. Alle dei tilsette har teknisk utdanning, hovudsakleg på bachelor- og masternivå frå høgskule og universitet.


181015åoasd


Verksemda held til i moderne kontorlokale i Volda sentrum på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal. I tillegg har føretaket avdelingskontor i Nordfjord Næringshage i Eid kommune gjennom samarbeid med eit lokalt firma. Føretaket er autorisert medlem av Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) og av Norges Takseringsforbund (NTF) og har sentral godkjenning for ansvarsrett frå Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) i samsvar med gjeldande regelverk.


President i taksering

Eigar og dagleg leiar Ottar Magne Skare er også tillitsvald, som president i NTF. Det har han vore sidan 2011, då han vart vald av generalforsamlinga. Han har også vore tillitsvald i styret sidan 2003. Han har vore, og er veldig sentral i taksering over heile landet og i Europa.


– Det har blitt mykje reising, men eg har dyktige faglige tilsette som veit kva dei skal gjere, smiler Skare. Den rutinerte takstmannen oser av erfaring der han fortel Det Norske Bransjemagasinet om historia og framdrifta til NTF.


181015


– Eg har faktisk vurdert å gi meg fleire gonger, men såg i 2017 at vi var i ferd med å samle takseringsbransjen i Norge til ein organisasjon. Det betyr at eg har fått leie denne prosessen mellom Norges Takseringsforbund og NITO Takst, to forbund som har blitt meir like, og tida var såleis moden for samanslåing frå nyttår 2018. Eg tek såleis ikkje attval på generalforsamlinga seinare i år, seier han.


Skare er også ein av to i landet som dei ti siste åra har vore forelesar for opplæring av takstfolk i naturskadetaksering.


– Det blir med andre ord stort fokus på takst, smiler han.


Varierte arbeidsoppgåver

Kvar tilsett i Per Mulvik AS har sine faste og varierte arbeidsoppgåver.


– Den tverrfaglige kompetansen er vår største styrke. Vi har fagpersonar med solid erfaring og kunnskap om det vi held på med. Våre største kundar er forsikringsselskap og offentleg virke. Vi har også private bedrifter som kundar, men først og fremst offentleg og privat næringsliv, seier Skare.


181015åo


Som sakkunnige rådgivande ingeniørar kan dei også til tider gi råd til kunden om å kjøpe tenester med andre.


– Gjerne då med våre samarbeidspartnarar, som vi veit vi kan stole på. Likevel, vi tek på oss store prosjekt med prosjekt- og byggeleiing. Utbyggingsfirma og private tek såleis gjerne kontakt med oss for arealplanlegging. Vi tilbyr med andre ord tenester til dei fleste faser i byggverk sine livsfaser, frå vogge til grav, om ein kan seie det slik, forklarer den daglige leiaren.


Skare kan vise til ein stor kundeportefølje opp gjennom åra. Likevel, han legg ikkje skjul på at han har plass til fleire.

 

– Vår oppgåve er å vere ryddige og profesjonelle. Kunden skal kjenne seg trygg på at dei får den beste handsaming som vi kan gi. Slik har det vore i 46 år, og vi legg vår ære i dette, seier Ottar Magne Skare.

Les mer...

2018-01-10 16.15

adeptconcept1

KI-revolusjonen: Lysende fremtid for norskutviklet, innovativ regelverksoppfølging for bedrifter

Artikkel KI, Kunstig intelligens, revolusjonerer styringssystem og compliance. Adept Concept AS benytter seg av fremtidens teknologi til å holde seg oppdatert på reviderte regelverk gjennom den skybaserte applikasjonen...
ilder3

Omdefinerer teknologi med nyskapende teknologiløsninger

Artikkel Ilder AS i Bergen er en teknologibedrift som utvikler digitale løsninger for nasjonale og internasjonale selskaper. Med et åpent sinn for ukonvensjonelle løsninger og nye bruksområder, jobber Ilder tett...

Kontaktinformasjon

  • Per Mulvik AS
  • E-post
  • Hjemmeside
  • Telefon:
    70 07 49 90
  • Adresse:
    Holmen 7, 6100 Volda
sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

Digitale møter: Tips for nybegynnere

Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

Å jobbe som vikar

Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

article1

Beste stedene å campe i Norge

Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

Arkiv