173060p173060we173060sd173060

Problemløysar på søre Sunnmøre

Konfirmasjonspengane til Øystein Hjelle var grunnlaget for oppstarten av Hjelle Maskinlag AS. Det starta med ei enkelt gravemaskin då han avslutta ungdomsskulen. I dag framstår maskinlaget som ein solid totalleverandør.

75 prosent av omsetnaden går mot bedriftsmarknaden, den resterande til privatmarknaden. Nyleg vart ein ingeniør tilsett, og verksemda kan såleis stille sterkare i ein tøff marknad på søre Sunnmøre.


– Med oss på laget får ein nærleik til kundane, gode produkt og beslutningsprosessen er svært kort, påpeikar Hjelle. 


Han er oppteken av å få fram at dei er ein seriøs og dyktig leverandør av sine tenester. Slik har det vore sidan oppstarten tidleg på 90-talet, og verksemda har mange og trufaste kundar. No er dei på jakt etter fleire.


– Vi har i dag fire gravemaskiner, to lastebilar, eige knuseverk og hjullastarar. Vi har i tillegg gode samarbeidspartnarar innan asfalt, sprenging, rørinspeksjon og spyling av rørledningar. Dekningsområdet er søre Sunnmøre og næraste kommunene i Nordfjord. 


Liten, men stor

I dag er det fire tilsette i Hjelle Maskinlag AS. Dette er lokale tilsette, som bur i nærområdet. Ærekjensle,god kvalitet,service til kundane våre og sluttproduktet. Dette er viktige faktorar og stikkord for verksemda.


– Vi er ei seriøs bedrift med tradisjonar for godt utført arbeid og fornøgde kundar, seier dagleg leiar og medeigar Øystein Hjelle. Han er stolt over dei tilsette som gjer sitt ytterste for at kunden skal bli 100 prosent fornøgd kvar einaste dag.


Hjelle Maskinlag AS utfører små og store oppdrag for kommuner, verksemder og private.


– Vi leverer total- og delprosjekt, som byggesaker, innmålingar og utstikking med gps, masseberekningar, vatn og avløp i hagar og kommunaltekniske prosjekt. Vi tek oss også av hustomter, vegar, dyrking, kraftverk, natursteinsmurar og transportenester, der ingen jobbar er for store og ingen for små, seier den daglege leiaren. Han fortel at Hjelle Maskinlag har kompetansen og utstyret til å utføre eit stort spekter av anleggsprosjekt.


– Det er berre å kontakte oss, så tek vi ein synfaring. Synfaringa forpliktar ikkje for kunden, understrekar han.   


Rørleggartenester

Hjelle Maskinlag utfører også alt innan utvendig rørlegging, samt skifte av drenering, vedlikehald av drenering, skifte av kloakk- og vassleidningar, i tillegg til nye anlegg. Verksemda har ADK 1-sertifikat.


– Dagens kundar forheld seg til oss som ein totalleverandør. Vi er ein seriøs, profesjonell og fagleg dyktig aktør i marknaden, seier Øystein Hjelle. Han gler seg over varierte og fine dagar i maskinlaget, der ingen dag er lik.


– Ta kontakt med oss, prøv oss – og vi lovar å ikkje skuffe deg som vår kunde, seier Øystein Hjelle, dagleg leiar i Hjelle Maskinlag AS.


Fakta
VI LEVERAR: Pukk, grus, singel, fyllmasse, solda jord, isolasjon, knotteplast, rør og rørdelar, alt i kummar og tilhøyrande materiell, solda jord, septiktankar, naturmurstein, mindre betongarbeid, sikringsgjerder, samt alt i graving og transport



Les mer...

2017-09-12 15.00

ABC Kontor9

Vestlandets største gjenbruksbutikk for brukte kontormøbler lanserer ny designtjeneste

Artikkel ABC Kontor, er Vestlandets største gjenbruksbedrift innenfor brukte kontormøbler. Med sitt nye designkonsept og egen interiørdesigner, kan gjenbruksbutikken i Fyllingsdalen nå både designe og levere ferdige...
aoplia7

Slik kan kunstig intelligens forbedre fremtidens applikasjonsutvikling

Artikkel Aplia AS, har levert helhetlige IT-tjenester for kunder i ulike bransjer og sektorer siden 2008, og var tidlig ute med å levere brukervennlige apper og nyskapende webapplikasjoner. Nå ønsker den digitale...

    Kontaktinformasjon

    • Hjelle Maskinlag AS
    • Hjemmeside
    • Facebook
    • Telefon:
      915 61 372
    • Adresse:
      Steingardsvegen 15, 6103 Volda
    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    vidaxl

    Fem måter å nyte mer tid utendørs

    Uansett hvor du bor, om det er i et hus med hage, en leilighet, eller en hybel, er det synd om du ikke utnytter sjansen til å tilbringe ekstra tid ute, spesielt i sommermånedene. Når solen er ute og temperaturen stiger, er det mange som liker å få litt frisk luft og naturlig D-vitamin. Men kanskje synes du det er vanskelig å forlate hjemmet av en eller annen grunn? Heldigvis er det ingen grunn til bekymring. Vi har samlet en liste over måter å lokke deg selv til å begi deg ut i den solfylte naturen.

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    Arkiv