Fredag 18. november arrangerer hotellet det tradisjonsrike lutefiskbordet. Frå 21. november er Hotell Ivar Aasen klar for bestilling av juletallerken. Kvar helg, frå 25. november, opnar hotellet i Ørsta for tradisjonelt julebord både fredag og laurdag kveld.
På menyen står kalde og varme julerettar i buffeten. Dessertbordet fristar som ein god avslutning på måltidet. Det vil også vere musikk på kvart julebord, så dansefoten får seg ein svingom eller ti.
Helga 11. og 12. desember er det familiejulebord på Hotell Ivar Aasen. Når det gjeld helga 16. og 17. desember blir det evt. familiejulebord på bestilling.
Kombiner gjerne julebordet med overnatting på vårt flotte hotell.