174041df174041174041dfd

Helsegevinst med eigeninnsats

Kombinasjonen Bailine og eigeninnsats = suksess. Vektreduksjon, kosthaldsrettleiing, mental trening og motivasjon får du på kjøpet. I Ørsta får du også ein unik salong med Leni Folkestad i tillegg. Ho har over 14 års erfaring, og tilbyr i tillegg hudpleie og kvalitetsprodukt.

Etter å ha prøvd Bailine tidlig på 2000-talet var Leni Folkestad krystallklar. Dette skulle ho starte opp med. Ei venninne fortalde om det fantastiske produktet som gav vektreduksjon og figurforming. Dette måtte den nybakte småbarnsmora prøve.


– Eg vart heilt hekta etter å ha prøvd dette i Ålesund, og bestemte meg nesten på dagen for at dette skulle eg satse på, seier ho.   


Fokus på eigeninnsats

Bailine-konseptet har eit hovudfokus på vektreduksjon, kosthaldsrettleiing, mental trening og motivasjon. Kombinasjonen av desse momenta skal gi suksess. Ho er difor klar på at kundane må spele på lag for å oppnå best mogleg resultat.


174041dfd


– Men eg har også veldig mange smertekundar. Mange revmatikarar kjem hit, og kundar som har vore skadd og hatt problem med gjenopptrening for å få styrke i muskulaturen sin igjen. I tillegg har eg figurkundane som kjem hit for å ville bli stramma opp, og supplerer det med eigentrening. Dei har gjerne eit problemområde dei vil ha hjelp med. Så konseptet famnar mykje, seier Folkestad.


– Rettar tilbod seg hovudsakleg mot kvinner?

– Nei, konseptet var eigentleg meint for kvinner, og vi hadde ikkje lov å behandle menn. No har vi heldigvis det, og eg har ein del mannlege kundar, seier ho. For begge kjønn er stikkordet livsstilsendring.




– Vi i Bailine har fokus på livsstilsendring over tid. Det er denne endringa som gir langsiktig resultat, og som gjer at klientane våre får varig livsstilsendring, påpeikar Folkestad. Ho rår klientane til å ta frå 5 til 10 behandlingar for å kome i gong.


Hudpleie

I kombinasjon med Bailine kan også terapeuten tilby hudpleie. Dette gjeld både å analysere hud og ansikt, til å tilpasse produkt som passer til den enkelte. 


174041


– Vi har valt å ta inn ein hudpleieserie som vi er åleine om mellom Bergen og Trondheim. Denne serien er for både kvinner og menn, opplyser Leni, ho er full av lovord om hudpleieserien iS Clinical frå USA.


– Produkta gir raskt resultat. Samstundes er det produkt som jobbar med huda over tid, påpeikar ho. At salongen kan tilpasse produkta til den enkelte si hud gjer også at kundane blir fornøgde frå første dag.  


– Produkta gir raskt resultat, utan "nede tid " og ubehag, seier Leni Folkestad.

Les mer...

2017-11-24 16:15

182053.jpg SM1

Safeman - med pasjon for helhetsløsninger

Artikkel I Blekinge i Sverige, finnes det et firma som bidrar til å sette svensk industri på kartet.
182056o

Detaljorientert ned til servietten

Artikkel Yolo Events legger sjelen sin i å planlegge uforglemmelige arrangementer. Og det er ikke snakk om å ansette noen til å være på gulvet; jentene elsker alt fra markedsføringsarbeid til serviettbretting.

    Faktaruta

    • Studio Lenina / Bailine
    • E-post
    • Facebook
    • Telefon:
      992 59 105
    • Adresse:
      Ivar Aasen-gata 4, 6151 Ørsta
    christian1

    Usikre tider i boligmarkedet

    Det er få markeder som svinger like mye som boligmarkedet.

    IMG_3765

    Jakten på naturlig skjønnhet

    Jan Thomas tar oss med på reisen til godt selvbilde og velvære

    Therese Knutsen portrett

    Hemmeligheten bak den perfekte innredningen

    Med estetisk tiltalende bilder og et godt øye for interiør, deler interiør- og hagedesigner Therese Knutsen hemmelighetene bak den perfekte innredningen.

    Arkiv