174066174066pojfeqa174066posgs174066åpdasfq174066åpds174066åpsaeaf

Korleis er fargebruken i offentlege rom?

Kvite, beige eller ferskenaktige veggar. Brystningspanel i furu. Grått eller beige golvbelegg. Kvite lamellar eller kvite persienner. Mønstra gardiner frå 90-talet. Møblar som minner oss om eit heilt anna århundre. Nokon som kjenner seg igjen?

Korleis er egentlig fargebruken rundt omkring på skulane, barnehagane, sjukeheimane, aldersheimane og generelt på dei offentlege instutisjonane? Er det egentlig lagt til rette for læring og trivsel? Gir fargane på legesenteret ro og avspenning? Kva med sjuke- og aldersheimane? Har omgivelsane ein lun og trygg atmosfære? Spørsmåla er mange.


Agathe Teige Eiksund i Kuling AS på søre Sunnmøre kjenner pulsen slå raskare. Ho er engasjert, bryr seg, og mest av alt vil ho skape fargar. Marknadssjefen lever og åndar for det fargerike. Dette er noko av grunnen til Kuling AS tok på seg prosjekt Høddvollbarnehagen. For å sette dette viktige temaet på dagsorden, og synleggjere kva effekt fargar faktisk har på oss menneske.


174066posgs


– Alle desse viktige roma våre, som mest av alt burde formidle ein kjensle av tryggleik og omsorg. Både for born, pleietrengande og ikkje minst dei som jobbar der, seier ho. Bloggen hennar blir krydra av fargerike innspel titt og ofte.


Ytre påverknad

– Har du nokon gong kjent på at fargar gjer noko med deg?, spør Agathe. Ho vil vite korleis du kjenner deg etter dagar med gråver og tung skodde ned i fjell. Eller når du ser eit glimt av blå himmel, nettopp etter ein lang periode med gråver.


– Vi snakkar om begrepa grå kvardag, grått og trist, grå mus med meir. Likevel så omgir vi oss med kvite og grå vegggar, grå sofa og grått golv -  det blir jo nesten som å leve i ei evig regnsky. Ser du poenget?, spør ho oss. 

Trenden dei 15 siste åra har vore rimeleg fargelaus. Kvitt og grått har vore dominerande.


174066åpdasfq


– Tidlaust, seier enkelte. Personlegdomslaust, meiner andre. Ein ting er sikkert. Det er ikkje gode fargar å omgi seg med. Tvert imot. Grått har vi allereie nemnt, og grått er faktisk den fargen som påverkar oss mest negativt. Grått stjel energi, gjer oss alt anna enn glade, og faktisk heller late og tiltakslause. Det kanskje ikkje utan grunn at dei som vel grått som hovedbase malar om gjen etter 3-5 år, medan gjennomsnittsnordmannen pussar opp kvart 18 år, påpeikar Agathe.


Kvitt fokus

Når det gjeld kvite veggar, så argumentarar enkelte med at ein skal male kvitt fordi ein treng lys.


– Ja, vi treng heilt klart dagslys, men vi treng ikkje så mykje lys. Kvite veggar reflekterar opptil 96 prosent av alt lys, og det er faktisk eit alt for høgt lysinntak for oss mennesker, understrekar den fargeglade marknadssjefen overfor Det Norske Bransjemagasinet. Ho viser til at når vi er ute i snøen på ein solrik dag, så merkar vi godt kor krevande lyset er for augene våre.


174066pojfeqa


– Det er faktisk gjort ein del forsking som viser at vi vert urolege og ukomfortable i kvite omgivnadar. Det høge lysinntaket sender stressignal til hjerna, og dette gjer oss slitne. Tenk at kvite veggar faktisk kan vere katalysator for at vi blir trøtte, får haudeverk og migrene! Det er ikkje så ulogisk når vi tenkjer etter. Kvitt er ikkje ein «safe» farge, det er faktisk det mest utrygge du kan velge. Kvitt er ikkje del av fargesirkelen, dermed vert det alltid ein veldig stor kontrast når du skal tilførge fargar til eit kvitt interiør. Det vert utfordrande å skape harmoni. Fargar kler fargar rett og slett, seier ho.

 

Kva fargar er så eigna i dei offentlege rom? 

Det finst ikkje noko kort svar, og sjølvsagt heller ikkje nok fasitsvar. Men fargesetting kan gjerast ut frå kva stemning ein ønskjer å oppnå, og kva romet skal brukast til. Spise, jobbe, lære eller slappe av, seier Agathe og forklarar.


– Hovudregelen er at dei varme fargane som gult, oransje og raudt gir oss meir energi. Det har faktisk blitt påvist at pulsen aukar når vi befinn oss i rom malte med desse fargane. Vi blir også meir sosiale. Dei kalde fargane, som befinn seg på andre sida av fargehjulet, er grønt, blått og lilla. Desse fargane får oss til å slappe av, og har ei beroligande effekt. Det er fargane som vi har i naturen, som skapar godkjensle og assosiasjonar til himmel og hav, skog og mark, seier ho og held fram.


174066åpds


– Grønt skal også gi impulsar til å lære, og både blått og grønt skjerpar konsentrasjonen og gir ro. Dette er fargar som er gode å omgi seg med, og som dei fleste responderar positivt på sidan det er fargane som vi kjenner frå naturen. Husk også at ein kan finne rolige alternativ i alle fargar, det gjeld berre å finne den rette nyansen, poengterar marknadssjefen i Kuling AS.


Ho er klar på at dei beste miljø vert skapt ved å bruke ein variasjon av nyansar, overflater og materiale.


– Feila som ofte vert gjort i offentlege rom er at det vert brukt kun ein «fargefarge», og det vil sjeldan fungere. Eit rom med kun ein eller to fargar vil ofte sjå flatt og todimensjonalt ut. Augene våre likar nyanserikdom, akkurat slik som vi har det i naturen. Eit godt interiør skal faktisk ha sju til ni fargar i seg, då lukkast vi med å skape ein god dybde og ei roleg atmosfære, seier Agathe og legg til.


–  Det handlar mykje om å hente fram godkjensla, og skape sunne og harmoniske omgivnadar for menneska som jobbar og oppheld seg i desse roma. Både skular, sjukehus og kontor er viktig for dei aller fleste av oss i løpet av eit langt liv. Det er viktig at det er ein god stad å vere, at vi føler oss trygge og vert tekne vare på. Fargar gjer noko med oss, påpeikar ho, og legg til.


– Husk at barn elskar fargar. Spør kva farge ungen din ynskjer seg på rommet sitt? Neppe kvitt eller grått, smiler ho.

Les mer...

2017-11-29 09:45

183082

Her kan du levere inn gamle mobiltelefoner og få penger tilbake

Artikkel Grønnmobil.no tilbyr en generøs panteordning for mobiltelefoner vi ikke bruker lenger. – Vi tilbyr alle som har en mobiltelefon, med eller uten defekter, å pante den hos oss og få cash.
183078jfd

Utvikler nøyaktige tidtakingssystemer for idretten

Artikkel Norskproduserte Emit AS har i 30 år jobbet tett med idrettsforbundene i landet for å utvikle presise tidtakingssystemer. – Vi er i takt med hva idretten selv ønsker, og tar teknologien videre hele tiden.

    Faktaruta

    • Kuling AS
    motorsykkelsandrasds

    Opplev de ukjente norske vei-perlene på to hjul

    Norge, et mekka for motorsyklister

    IMG_3765

    Jakten på naturlig skjønnhet

    Jan Thomas tar oss med på reisen til godt selvbilde og velvære

    Prest_Marit_red

    Naturopplevelsene nordmenn bør oppleve

    I samarbeid med turoperatøren Hvitserk, presenterer vi Norges fem vakreste naturopplevelser. 

    Arkiv