184031 Bakketunet-2184031 Bakketunet-1184031 Bakketunet-3184031 Bakketunet-4184031 Båten-Tollesund-er-å-finne-på-Hjørundfjorden-i-regi-av-Christian-Gaard.184031 FjordExploring_1_Håvard-Myklebust184031 FjordExploring_2184031 FjordExploring_3_Ole-Sunde184031 Hotell-Ivar-Aasen-1184031 Hotell-Ivar-Aasen-2184031 Hotell-Ivar-Aasen-3184031 Hotell-Union-Øye-opplever-stor-pågang-av-gjestar.-Målet-er-å-utvide-sesongen.184031 Kaihuset-Urke-1184031 Kaihuset-Urke-2184031 Kaihuset-Urke-3184031 Kaihuset-Urke-4184031 Kaihuset-Urke-5184031 Kaihuset-Urke-7184031 Rekkedal-Gjestehus-1184031 Rekkedal-Gjestehus-2184031 Sagafjord-Hotell,-båthavna2184031 Sagafjord-Hotell,-Spisesal184031 Sagafjord-Hotell,-utside-hotell,-fjord-og-fjellI184031 Synnøve-Rekkedal-Hill.-Foto-Magne-J.-Krumsvik.184031 Synnøve-Rekkedal-Hill-er-svært-engasjert-i-Hjørundfjorden.-Foto-Magne-J.-Krumsvik.184031 Tollesund-2

Velkomen til Ørsta og Hjørundfjorden

Hjørundfjorden i Ørsta kommune strekk seg 35 kilometer gjennom dei mektige Sunnmørsalpane. Ta turen til Sunnmøre, Ørsta og vakre Hjørundfjorden.

Her finn du bygder som Sæbø, Urke, Trandal, Bjørke og Øye. Frå havoverflata strekk fjella seg loddrett mot himmelen. Fjorden byr òg på lokale mattradisjonar, kulturopplevingar og mykje historie.


Rekkedal Gjestehus

Rekkedal Gjestehus held til på ein gamal slektsgard med historiske bygningar frå heilt tilbake til 1500-talet. Alle bygningane er totalrenoverte og dannar eit nydelig tun rundt hagen.


184031 Rekkedal-Gjestehus-1


– Dei mange innbydande husa passar for små og store grupper, seier Margrethe og Bjarne. Vertskapet fortel at gjestane ruslar rundt, nyt roa, den gode maten og vinen.


– Vi fortel om historia og kulturen knytta til garden. I samarbeid med kundane set vi opp spennande opplevingar under mottoet «Når eit måltid er meir enn å verte mett». Vi har ope heile året for bestilling av grupper. Vertskapet har som mål å ønskje alle gjestane velkomne til gards, og vise dei til bords.


184031 Rekkedal-Gjestehus-2


Christian Gaard

Christian Gaard Skyssbåtteneste står for charter og kommunal skyssteneste. Christian Gaard Bygdetun har frå juni 2017 fått i oppdrag frå Ørsta kommune å drive kommunal skyssbåtrute for dei fastbuande i bygdene kring Hjørundfjorden. I anbodet ligg det også føringar for takstar og vilkår for frakt av tilreisande privatpersonar i Hjørundfjorden. I tillegg til den kommunale skyssbåttenesta driv dei med kommersiell skyssbåtteneste, i og utanfor Hjørundfjorden. Mellom anna til Ålesund og Geiranger.


184031 Båten-Tollesund-er-å-finne-på-Hjørundfjorden-i-regi-av-Christian-Gaard.


Christian Gaard Skyssbåtteneste har to hurtigåande båtar med ulik passasjerkapasitet. Difor kan dei tilby båtskyss til særs konkurransedyktige prisar. «MS Tollesund» har plass til 45 personar. Det er rikelig med sitjeplassar ute på dekk forut og akterut. Det er toalett i båten, som har 22 knop marsjfart.  «MS Baltazar» har plass til 12 personar. Det er toalett i båten, som har 24 knop marsjfart. Frå 9. til 12. august er det Trandal Countryfestival 2018.


184031 Tollesund-2


Hotell Union Øye

I enden av Norangsfjorden, på Øye, ligg eit av Europas mest herskapelige hotell. Hotel Union Øye har i generasjonar vore eit attraktivt reisemål for kongelige, forfattarar og elskarar. Heilt sidan opninga i 1891 har hotellet vore ein stad der gjestar kjem for å nyte freden, roa og det gode liv i storslagne omgivnadar.


184031 Hotell-Union-Øye-opplever-stor-pågang-av-gjestar.-Målet-er-å-utvide-sesongen.


Hotellet sine 27 rom er alle individuelt dekorert og møblert med nøye utvalde antikvitetar. Roma er også oppkalt etter kjende personar som har budd på hotellet gjennom tidene; Keiser Wilhelm II, Kong Oscar II, Dronning Maud og Kong Haakon, samt forfattarane Karen Blixen, Knut Hamsun, Sir Arthur Conan Doyle og ikkje minst komponisten Edvard Grieg.

Kvar dag får besøkande høve til å sjå inn på hotellet sine ledige rom. Spasere ein tur i gangane og drøyme deg vekk i det herskapelige fjordslottet.

 

Fjord Exploring

Sunnmøringar har valt sjøvegen frå vi byrja å frakte varer og folk til dei ulike stadane i fjordane. Utfartslysta har budd i oss frå den spede byrjinga og havet har sørgja for fleire av dei mest ekstreme eventyra i norsk historie. Fjord Exploring held til i fjordpanoramaet Hjørundfjord. Her legg dei til rette for både spektakulære og rolige turar i dramatiske omgivnadar. Gjengen bak firmaet kjenner området betre enn si eiga bukselomme, og tek deg med til stadar du ikkje visste om – på fjorden og i fjella.


184031 FjordExploring_1_Håvard-Myklebust


Opplevingane vert tilpassa kvart einskild turfølgje. Du er velkomen til å oppleve norsk båthistorie og majestetisk natur om bord i MS Slogen enten du drøymer om lette vandreturar eller ekstreme tindar. Tenk å vakne ein ny stad i fjorden kvar morgon. På tur med MS Slogen gjer du det. Frukosten og matpakkesmøringa nyt du til lukta av salt sjø og vill natur, før ferda går vidare til dagens turopplevingar. For saman med lokale aktørar kan Fjord Exploring by på forførande smakar og opplevingar – enten du er ein erfaren fjellklatrar eller ønskjer å gi kollegaene dine ei oppleving dei aldri gløymer.


184031 FjordExploring_3_Ole-Sunde


Dei har òg eigen bar med skjenkeløyve og badestamp med oppvarma reint saltvatn frå Hjørundfjorden om bord.

 

Urke Kaihus

Vertskapet på Urke Kaihus ønskjer velkomen til Sunnmøre sin flottaste serveringsplass. Dei kan friste med ein heilt unik uteservering med vakre omgivnadar. Urke Kaihus har servering/skjenkeløyve, og vil heile sommaren og hausten halde dørene opne.


184031 Kaihuset-Urke-2


Dei har også servering inne i sjølve Kaihuset, der dei har fokusert på ein heimekoselig atmosfære, samt at Kaihuset har halde på sin unike sjel og identitet. Inventaret er henta frå ulike gardar på Urke.


Urke Kaihus tek gjerne mot bestillingar for arrangement utanom ordinær opningstid.

 

Bakketunet

Inst i Hjørundfjorden, i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar. Tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet. Med dei historiske bygningane kan ein kjenne seg sett attende til middelalderen, der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stall hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel for livet og komande slekter. Etter over 20 år med restaureringsarbeid opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010. Med eit rikt kulturprogram og ei interessant kulturhistorie, har Bakketunet på Bjørke blitt eit populært reisemål, som sidan opninga har hatt besøk av fleire tusen menneske frå fjern og nær.


184031 Bakketunet-3


Bakketunet på Bjørke skal ta vare på røtene sine frå bondekulturen, verne om vår felles kulturarv og vere aktuelle og nytenkande i innhald. Bakketunet sitt mål er å gi dei besøkande gode opplevingar knytt til kunst, kultur og natur.


I sommarhalvåret skal Bakketunet vere eit aktivt og levande kunst- og kultursentrum med vekt på å formidling av tradisjonar, kulturarv, kunsthandverk og samtidskunst som held høg kvalitet.


184031 Bakketunet-1

 

Hotell Ivar Aasen

Hotellet finn du i Ørsta sentrum ved Ørstafjorden. Hotell Ivar Aasen er omkransa av dei majestetiske Sunnmørsalpane, berre 5 minutt unna Ørsta-Volda Lufthavn, Hovden. Den sentrale plasseringa til hotellet gir deg gongavstand til butikkar, kjøpesenter og rutebilstasjonen. Med sin sentrale plassering er hotellet i Ørsta sentrum ekstra populært med tanke på kurs og konferanse. Vertskapet oppmodar potensielle kundar til å ta kontakt om pakkepris inklusiv overnatting.


184031 Hotell-Ivar-Aasen-2


Hotellet kan tilby gode tilbod på weekendpakkar, fjellturar, trening, museum, omvisning, bryllaup, dåp, konfirmasjon, jubileum og slutta lag. Kjøkkenet byr på frukost, lunsj, middag, a lá Carte, buffét (vegetar/fitness). I fint sommarver flyttar ein gjerne kjøkkenet ut og grillar i sola. I helgane og på kveldstid er det ofte konsertar, uike arrangement og engelsk premier leauge på storskjerm.


184031 Hotell-Ivar-Aasen-3


Utover sommaren og hausten kan hotellet by på mange flotte arrangement. I september er det guida topptur, og dansekveldar med mellom anna tapas. I oktober blir det storstilt viltaften, med foredrag, dans og pianobar. I november byr hotellet opp til «Syng med oss», lutefiskaften, trubadur og naturlegvis tradisjonsrikt julebord med dans. I desember kjem nissen på besøk i samband med familiemiddag, det blir «Jul for einslige» og romjulsarrangement med Pineappel Express på «Venners vennerfest», Quiss og året blir avslutta med «Nyttårsfest» 31. desember. 

 

Sagafjord Hotel

I hjarte av ein av verdas villaste og mest storslagne fjordar, finn du Sagafjord Hotel. Fjordhotellet i Hjørundfjorden har ein rikhaldig meny mellom fjord og fjell. Hotellet er lokalisert på Sæbø, ei levande småbygd i eit vestnorsk kulturlandskap, med ein lang historie.


184031 Sagafjord-Hotell,-båthavna2


– Med eit unikt turterreng, djupe fjordar og majestetiske alpetindar, ønskjer vi å vere din heim for unik og tradisjonsrik natur- og matopplevingar på Sunnmøre, seier Wenke Gjørtz, daglig leiar i Sagafjord Hotel. Hotellet kan by på 40 gode rom, og kan huse opp mot 100 personar. Gjennom året har hotellet besøk av gjestar frå heile verda.


– Målet er å få til heilårsdrift. Dette for å kunne tilby stødige arbeidsplassar i denne levande bygda, som faktisk er i vekst. Den internasjonale etterspurnaden, spesielt frå kvalitetsbevisste menneske som ønskjer eit pusterom frå hektisk storbyliv, er aukande heile året rundt, seier Gjørtz.


Hjørundfjorden

Det er vårt felles ansvar å ta vare på spora etter våre forfedre. Synnøve Rekkedal Hill er stolt av fjord og fjell, men brenn også for å ta vare på kulturminna. Dette gjeld både nasjonale og lokale kulturminne.


Bakketunet på Bjørke og Stavset Internatskule på Hjørundfjordstranda er nasjonale kulturminne. Både desse kulturminna og fleire andre i Hjørundfjorden består i dag ved hjelp av dugnadsånd. Sjølv har Synnøve Rekkdal Hill teke opp privat lån på over 100.000 kroner for å finansiere restaurering av kulturminne. Vi snakkar om ei som virkelig brenn for å ta vare på kulturminna i Hjørundfjorden.


Leiaren i Hjørundfjord Kulturvernlag er glad for at Staten har teke med Ørsta og Hjørundfjorden på ei eksklusiv liste for vern av kulturvernlandskap. Likevel, det er det mange grunneigarar i området Norangsdalen og Hjørundfjorden som kan søkje dette statstilskotet for å ta vare på kulturlandskapet. Sekretariatet for Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL), sit no klare når 200 grunneigarar i fjorden er klare for å søkje sin del av dei 950.000 kronene som er tildelt i år.


184031 Synnøve-Rekkedal-Hill-er-svært-engasjert-i-Hjørundfjorden.-Foto-Magne-J.-Krumsvik.


– Eg håper vi kan samle oss om å søkje på felles givande tiltak for reiselivet i Hjørundfjorden, men utan dugnadsånda er eg redd mange kulturminne vil forsvinne, påpeikar ho.


Stavset Internatskule

Eit av dei viktigaste kulturminna for Rekkedal Hill, og som også er nasjonalt kulturminne, er Stavset Internatskule. Her er Hjørundfjord Kulturvernlag sterkt tilstades.


– Stavset Internatskule er den einaste internatskulen som står att i Norge. Skulen vart bygd i 1915, fordi skulevegen kring Hjørundfjorden var så rasfarlig at skuleborna måtte bu på skulen, seier Rekkedal Hill. Ho fortel at elevane budde ei veke på skulen, og hadde deretter ei veke fri. På denne måten vart det færre turar med båt over fjorden, eller å gå langs fjorden.


– Skulen er inntakt frå den gongen, og blir i desse dagar restaurert. Skulen er lokalisert mellom Store Standal og Standal. Internatskulen var i bruk fram til 1951, og på sikt vil vi ha formidling på sjølve skulen om denne viktige historia, seier ho.  


Turismesatsing

Hjørundfjorden er internasjonalt kjent for sine spisse alpetoppar og høge fjell. Rekkedal Hill er likevel oppteken av å legge forholda til rette for dei som ikkje er så opptekne av utfordrande fjellturar.


– Det er ikkje alle som klarer, eller vil gå på desse flotte fjelltoppane. Mange turistar vil gjerne oppleve setredalar. Då er det viktig å fortelje at vi har flotte setrar i Norangsdalen, Urke, Bondalen, Sledalen og mange andre stader i Hjørundfjorden. Det er viktig å kunne formidle historiene til setrane også, før mykje går i gløymeboka, påpeikar ho.


Slik er det også med kystkulturen i fjorden. Før det vart veg langs Hjørundfjorden, var der rutebåt som var transportmiddelet.


– Rutebåten gjekk daglig tur/retur frå Bjørke til Ålesund. Mellom anna var båten full av mjølk frå gardsbruka i fjorden, levert til meieriet i byen. Slik var det også med dyr som skulle til slakting, levert til slakteriet i Ålesund, seier leiaren i Hjørundfjord Kulturvernlag til Det Norske Bransjemagasinet. Det var Ålesund som var byen for folket i Hjørundfjorden, slik var det også når kle og andre varer skulle handlast inn.


– Eg hugsar godt når eg skulle konfirmerast i 1968, då reise vi med denne båten til Ålesund for å kjøpe kle til konfirmasjonen. Utover i Hjørundfjorden er det mange kulturminner som fortel historia om dampbåten. Faktisk fleire kaihus, som mellom anna Urke Kaihus, seier ho.

Ho viser til at på Sæbø var det ein større Dampskipekspedisjon.


184031 Synnøve-Rekkedal-Hill.-Foto-Magne-J.-Krumsvik.


– Den framstår i dag som den gongen, i det gamle kommunehuset i bygda. Ei gruppe ungdomar har skipe ei stifting for å ta vare på den gamle ekspedisjonen, og den framstår som ein pryd for kystkulturen i Hjørundfjorden, smiler ho.


Matkultur

Satsinga på turisme i Hjørundfjorden opnar også opp for historiske og lokale matrettar. Det blir matfestival på Bjørke, 7. til 9. september. Både Bakketunet og undomshuset Haukly skal nyttast i samband med den heilt nye matfestivalen.  Rekkedal Hill er godt kjent med matkulturen i Hjørundfjorden, det gjerne ein matrett kunne smake heilt ulikt frå bygd til bygd i fjorden.


– Gjennom godt samarbeid med Ørsta Næringskontor og Ørsta kommune gler vi oss til denne festivalen, som vil kombinere lokal mat, historiske matrettar og kulturvandring. Planen er at festivalen skal gå på rundgang i fjorden år etter år, seier ho. Rekkedal Hill fortel at maten som blir laga på festivalen skal spegle gode mattradisjonar i dei ulike bygdelag.


Det blir nok ein del dugnadsarbeid i samband med denne festivalen, men dugnadsarbeid er noko dei er godt kjende med i Hjørundfjorden.


– Slik må det vere i små bygdelag. Skal ein få til noko, må det dugnad til, også i 2018, understrekar leiaren i Hjørundfjord Kulturvernlag.            

Synnøve Rekkedal Hill fortel at ho har dugnadsarbeid i genene.


– Skal ein klare å ta vare på Hjørundfjorden kan ein ikkje vente på det offentlige, ein må ta initiativ sjølv, avsluttar den energiske pådrivaren og leiaren i Hjørundfjord Kulturvernlag.




Kontaktinfo:

Kontakt Rekkedal Gjestehus på rekkedal@online.no, telefon (+47) 952 22 679

Kontakt Christian Gaard Bygdetun, Rynningen 102, 6183 Trandal på post@christian-gaard.no, eller telefon +47 959 35 797

Kontakt Hotel Union Øye, Norangsfjorden, på post@unionoye.no, eller telefon 70 06 21 00

Kontakt Fjord Exploring AS, Øyragata 49, Sæbø på +47 948 76 21

Kontakt Urke Kaihus, Indre Urke, Norangsfjorden på telefon 934 05 691

Kontakt Bakketunet, Bjørke, Galleri Bjørk på kontakt@galleribjork.no eller telefon +47 911 088 46

Kontakt Hotell Ivar Aasen, Ørsta sentrum på resepsjon@hotellivaraasen.no eller telefon 70 04 51 00

Kontakt Sagafjord Hotel, Sæbø, på info@sagafjordhotel.no eller telefon 70 04 95 00

Les mer...

2018-07-09 11:45

185024w3

Appen som digitaliserer registreringen av oppmøte

Artikkel NOA gjør det enklere for studenter å ha oversikt over eget fravær, og effektiviserer oppmøteregistreringen i skolen.
185020w1

Valnesfjord Helsesportssenter

Artikkel – Informasjon fra lege til lege
    IMG_3765

    Jakten på naturlig skjønnhet

    Jan Thomas tar oss med på reisen til godt selvbilde og velvære

    Norskkunsthandverk

    Norsk design – en kulturarv av de sjeldne

    Designbutikken Norway Designs i Stortingsgaten 28 i Oslo, selger nordiske småskalaprodukter - i stor skala. Norway Designs vil at vi omgir oss med norske kvalitetsprodukter, og har en god forklaring til hvorfor.

    Ann-Kristin-Ytreberg-3

    Redder miljøet - én bedrift av gangen

    Bedrift for bedrift, jobber stiftelsen Miljøfyrtårn seg fremover – eller tilbake, til en grønn planet.

    Arkiv