174042l174042174042ds174042ol174042psda174042psf174042åpdes174042åpø174042åsa

– Vi realiserer husdraumen din

Trelast AS på Hareid er forhandlar for HibaHus. Dei har også eiga kjøkenavdeling, som forhandlar Drømmekjøkkenet. I tillegg til å realisere draumar for hus og kjøken, kan dei også tilby oppussing av alle slag.

– Som kunde hjå oss får ein heile jobben gjort til avtalt pris og tid. Vi ordnar alt dersom du som kunde ønskjer det, seier Terje Giskeødegård Balsnes. Den daglege leiaren fortel at dei har mange dyktige medarbeidarar i verksemda, men at dei har også gode avtalar med underentreprenørar, og saman gjer dei jobben ferdig for deg som kunde.


Fagkunnskap

Trelast AS vil gjerne at du skal ta kontakt om du har byggjeplanar eller vurderer nytt hus, renovering, kjøken, garasje eller hytte. Dei har gode erfaringar som forhandlar av HibaHus, og oppmodar sine kundar om å gå for denne husleverandøren.


– HibaHus er ei landsdekkande kjede som har levert kvalitetshus i 50 år. Huskatalogen viser eit utval av hustyper, og finn du ikkje draumehuset der, så har vi eigne arkitektar som kan hjelpe deg, seier ein engasjert dagleg leiar til Det Norske Bransjemagasinet. Han er klar på at dei som forhandlar skal vere audmjuke med tanke på den store investeringa eit hus er for ein familie.


– Å bygge hus er ofte det største prosjektet ein familie set i gang.  Vi vil gjerne hjelpe kunden gjennom denne fasa. Vi kan ta på oss heile byggeprosjektet, frå søknad til nøkkelferdig hus, påpeikar Balsnes, som oppmodar potensielle kundar om å ta kontakt for ein uformell husprat.


Drømmekjøkkenet

I tillegg til å vere forhandlar av HibaHus, er Trelast AS også forhandlar av det svært populære Drømmekjøkkenet. Inne i butikken på Hareid står fleire vakre kjøken utstilte til ei kvar tid utstilte.


– Dette er eit kvalitets møbelkjøken som vi har forhandla i over 20 år. Drømmekjøkkenet har alltid vore i forkant med nye skaptypar og skuffeløysingar. Ta med deg ei teikning eller skisse av ditt gamle kjøken, så kan vår dyktige kjøkenkonsulent hjelpe deg med ditt draumekjøken, seier den nytilsette daglege leiaren, som framhevar Svanhild Giskeødegård, som den dyktige kjøkenkonsulenten.


– Vi kan ta heile oppussingsjobben på kjøkenet. Vi har eigen dyktig snikkar, som kan pusse opp romet, og ein dyktig kjøkenmontør som kan montere kjøkenet. Enklare kan det ikkje bli, smiler Terje Giskeødegård Balsnes.


Trelast AS har vore forhandlar av Drømmekjøkkenet sidan 1994. I mars 2017 opna dei totalrenovert, flott butikk med det nyaste av kjøken, bad og garderober frå nettopp Drømmekjøkkenet.


Kom innom

Butikken til Trelast AS ligg i Strandgata 53 i Hareid sentrum, rett ved hurtigbåt- og ferjekai. Dei har gratis kundeparkering. Den daglege leiaren inviterer alle i regionen til å ta turen innom.


– Skal du bygge garasje, bygge på huset eller pusse opp.  Vi har dyktige handverkarar som kan ta heile jobben.  Ta kontakt med oss så kan vi gi deg råd og hjelp med prisoverslag og gjennomføring av heile prosjektet, seier han. 


Balsnes viser til at dei utfører snekkerarbeid, murararbeid, pussarbeid, sparkling og maling.  I tillegg kan dei ordne med rørleggar og elektrikar.


– Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, smiler Terje Giskeødegård Balsnes.

Les mer...

2017-11-28 09:15

182056o

Detaljorientert ned til servietten

Artikkel Yolo Events legger sjelen sin i å planlegge uforglemmelige arrangementer. Og det er ikke snakk om å ansette noen til å være på gulvet; jentene elsker alt fra markedsføringsarbeid til serviettbretting.
182049fddssssfsadoja

Det urbane kunst- og kulturkollektivet på bygda

Artikkel Kafé Lensmannsgården på Namdalseid i Trøndelag, er i bunn og grunn et slags åpent kunstkollektiv som huser fire kreative sjeler.

    Faktaruta

    christian1

    Usikre tider i boligmarkedet

    Det er få markeder som svinger like mye som boligmarkedet.

    Therese Knutsen portrett

    Hemmeligheten bak den perfekte innredningen

    Med estetisk tiltalende bilder og et godt øye for interiør, deler interiør- og hagedesigner Therese Knutsen hemmelighetene bak den perfekte innredningen.

    IMG_3765

    Jakten på naturlig skjønnhet

    Jan Thomas tar oss med på reisen til godt selvbilde og velvære

    Arkiv