174068fs174068pifs174068åpsfg174068åå174068øåp174068

Fokus på riktig dekk til din bil

Dekkservice Volda kan tilby alt av dekk for både trillebårer og hjullastarar. For veksemda i Furene i Volda er fokuset veldig klart: Det skal vere riktige dekk til formålet.

– Mange av dagens testar av bildekk er utført på ein stivfrosen innsjø i Nord-Finland med 20 minusgrader. Slike forhold har vi sjeldan eller aldri i vår del av Norge. For bilistar i vår region er det viktig å få vekk vatn og slaps frå bildekket. Om bildekket flyt på vegen, spelar det ingen rolle kor mange piggar eller kva gummi du har. Du bør ha bildekk som drenarar godt, det er i alle fall det viktigaste på Nordvestlandet, påpeikar Pål O. Grebstad.


174068åpsfg


Eigaren og den daglege leiaren for Dekkservice Volda har skifta bildekk sidan 1993, då han avtjente militærteneste i luftforsvaret på Ørlandet. Opp gjennom åra har Grebstad hatt fokus på både mindre og større bilar, som storbil og bussar. I fleire år har han også køyrt lastebil og dumper sjølv. Såleis har kunnskapen om alle typer dekk vore ein del av kvardagen for dekk-eksperten.


Alle typer dekk

Dekkservice Volda har tilgang på alle typer bildekk i Furene. Han har naturlegvis ikkje alt på lager, men han har dei mest kurante variantane inne på verkstaden.


174068å


– Eg skal klare å hjelpe dei aller fleste med bildekk på dagen, ellers skaffar vi alt, gjennom gode kontakter i inn- og utland, smiler han. Grebstad er ikkje i tvil om at det er fornuftig å vere godt skodd.


– Eg har sjølv prøvd å køyre med gamle og slitte dekk. Det var slett ikkje kjekt, for eg følte ikkje eg hadde kontroll på bilen, seier han.


Faghandel

I dag kan ein kjøpe bildekk svært mange plassar. Både bilforhandlarar, verkstader og private sel dekk. Dekkforhandlaren i Furene opplever at fleire også kjøper dekk på internett. Grebstad er ikkje i tvil om kvifor ein skal ta turen til faghandelen midt mellom Volda og Ørsta.


174068åå


– Eg har fagbrev i hjulutrustingsfaget. Det er langt mellom fagfolka i dag. I tillegg har eg stor og god kunnskap om det som eg sel. Det betyr at kundane mine får kvalifiserte råd og god kundebehandling, påpeikar han. Dekkforhandlaren skiftar også dekk, og har dekkhotell for dei som vil ha dekka sine lagra i tempererte lokaler.


– Ta kontakt med oss i Dekkservice Volda neste gong du skal skifte dekk. Vi gir gode råd på vegen, og gir deg tryggleik til å velge riktige dekk til bilen, seier Pål O. Grebstad. 

Les mer...

2017-12-05 12.30

bildetilartikkel1

Veien til drømmekarrieren

Artikkel Naviger jungelen av muligheter med en karriereprøve.
dynamicengineering2

Dynamic Engineering AS: Revolusjonerer oppdrettsnæringen med sitt Dynamic FishEye kontrollsystem

Artikkel

    Kontaktinformasjon

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

    Å jobbe som vikar

    Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

    Arkiv