IGLO Mano AS i Ålesund er godt fornøgd med samarbeidet dei har med ExLevel i Fosnavåg. Foto Magne KrOle Henrik Eidsvik og Lidija Kaminskiene i  IGLO Mano AS i Ålesund er godt fornøgde med løysinga somTherese Frøystad Igesund (t.v.) i Exlevel har skreddarsydd ei løysing i Exel på logistikk til LidijaTherese i Exlevel har gitt Lidija og kollegane i IGLO Mano eit svært viktig datahjelpemiddel i kvardLidija i Iglo Mano er full av lovord om jobben som Therese i Exlevel har utført for dei. Foto Magne Therese i Exlevel og Lidija i IGLO Mano har brukt mykje tid på å finne det rette produktet for netto

Exlevel AS i Fosnavåg levarar skreddarsydde IT-løysningar

Exlevel AS i Fosnavåg på søre Sunnmøre skreddarsyr sine kurs- og konsulenttenester innan Microsoft Office.

Dagleg leiar Therese Frøystad Igesund starta opp bedrifta Exlevel i 2013. Frå lokala i sentrum av Fosnavåg tilbyr dei kurs- og konsulenttenester i Microsoft, hovudsakleg retta mot bedriftsmarknaden. «Expand to New Levels» er slogenet til verksemda. Dette betyr utviding av erfaring og kompetanse.


Skreddarsaum

Ein av bedriftene som har fått skreddarsaum frå Exlevel AS er IGLO Mano AS frå Vegsund i Ålesund. Kjerneområda til denne verksemda er kurs- og bemanningstenester. Behovet for eit spesialtilpassa system i excel har vore etterlyst. 

-Etter at vi for snart 20 år sidan starta med lossing og lasting av fiske- og fraktebåtar utvikla dette seg raskt, og vi vart desidert leiande på Sunnmøre. I dag har vi en markedsandel på om lag 90 prosent, seier Ole Henrik Eidsvik i IGLO Mano. Han er kjempefornøgd med systemet som Exlevel har skreddarsydd, og det gode samarbeidet med Therese Frøystad Igesund.


Lidija Kaminskiene i Ålesundverksemda, er også full av lovord om samarbeidet med Exlevel.

-Therese har saman med oss funne eit system i Excel som passer oss midt i blinken. I tillegg er ho alltid positiv og hjelpsam når vi har spørsmål, rosar Lidija.


Konsulenttenester

Exlevel tilbyr både kurs og ulike konsulenttenester innanfor Microsoft Office.

- Dette kan vere tenester som rådgiving og utvikling av løysingar knytt til Microsoft Office programvare, eller utføring av konkrete arbeidsoppgåver med Microsoft Office som arbeidsverkty, seier den daglige leiaren for Exlevel. Ho fortel at Microsoft Office er et arbeidsverkty som blir nytta dagleg av bedrifter innan ulike bransjar.

- Det viser seg at mange ikkje har kjennskap til moglegheitene innan dei ulike program, og korleis få til effektiv bruk, seier Frøystad Igesund. «Tilpasning» og «effektiv samhandling i Microsoft Office» er fokusområda i leveransen frå Exlevel.

 

-Dette gir stor gevinst for den enkelte bedrift i form av effektivisering og forbetring av kommunikasjon. Dette gjeld også tidsbesparing, forbetra arbeidsmetodikk og større utnytting av program, seier ho.


Den vesle bedrifta ut mot havet på ytre søre Sunnmøre «er framme i skoa», og ser fram til å bli kontakta for nye og spennande oppdrag. Primærområdet er Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, men dei tek også på seg oppdrag for bedrifter i andre delar av landet.

Les mer...

2018-03-20 13:15

 

testtest

Artikkel test
182056o

Detaljorientert ned til servietten

Artikkel Yolo Events legger sjelen sin i å planlegge uforglemmelige arrangementer. Og det er ikke snakk om å ansette noen til å være på gulvet; jentene elsker alt fra markedsføringsarbeid til serviettbretting.
    IMG_3765

    Jakten på naturlig skjønnhet

    Jan Thomas tar oss med på reisen til godt selvbilde og velvære

    Therese Knutsen portrett

    Hemmeligheten bak den perfekte innredningen

    Med estetisk tiltalende bilder og et godt øye for interiør, deler interiør- og hagedesigner Therese Knutsen hemmelighetene bak den perfekte innredningen.

    christian1

    Usikre tider i boligmarkedet

    Det er få markeder som svinger like mye som boligmarkedet.

    Arkiv