174017ås174017de174017174017e

Midt i smørauget på Sunnmøre

Melshorn Hotell på Hareid er lokalisert midt i smørauget på Sunnmøre. Her får du varm og intim atmosfære. Du får ei god seng å sove i, og vaknar opp til ein kjempegod heimelaga frukost. Hotellsjefen ønskjer personleg nye og gamle kundar hjarteleg velkomen.

Det Norske Bransjemagasinet blir møtt av Linda Haddal Røssevoll når vi ein solrik haustdag kjem på besøk til Melshorn Hotell på Hareid. Eit steinkast frå ferjekai og hurtigbåt ligg det heimekoselige hotellet. Hotellsjefen er i dag resepsjonist, men er gjerne innom alle funksjonar eit lite, intimt hotell med særpreg skal innehalde i løpet av ein arbeidsdag.


– Det er ein livsstil å drive hotell på Hareid, smiler Linda og skjenker i kaffi til oss.


Sentral plassering

Med kort veg frå alle kantar av Sunnmøre, ligg hotellet veldig sentralt med tanke på konferanser og møter.  


174017e


–Vi har hatt landsmøter, og mange bruker oss til både fylkesmøter og meir lokale møter, seier hotellsjefen. Med reiseavstand på under timen frå flyplassen på Vigra i Ålesund og Volda Ørsta Lufthamn, er det mange som ser på hotellet på Hareid som eit naturleg val for sine møter.


– Vi har alle fasiliteter for gode møter. I tillegg kan vi sy saman pakkar for den enkelte, opplyser ho. Dei fleste kundane til hotellet er likevel bedriftene og forretningsreisande i vekene.


Puben i kjellaren har vore leigd ut siste året, men har stor aktivitet i helgane. Ein gong i månaden er det også populær quiz på puben.    


Oppgradering   

Hotellet har fått fin oppgradering siste året. Både bad, dusj og toalett er nye og oppgraderte.


– Nye fjernsyn på 43 tommar er på plass i alle rom. Kanalpakken er også oppgradert, som i dag også inneheld populære fotballkampar, seier hotellsjefen. Ho veit at mange av gjestane likar å få med seg fotball på fjernsyn når dei sjekkar inn på Melshorn Hotell.


174017ås


Restauranten er open på bestilling for selskap, bryllup, barnedåp, minnestund med meir, og hotellet kan by på alle rettigheiter i baren kvar einaste dag.


– Vi opnar gjerne restauranten til lag av alle slag, men må ha minst ein dags varsel. Dette for å få på plass personalet og råvarene vi treng, seier Linda. Ho tilpasser seg etter behovet, og likar å lage maten frå grunnen av. Dette gjeld også heimbaks til møter og konferanser.


– Til frukost er det egg frå frittgåande høner frå eigen heim, og honning frå faren sine bier! Meir nærmat er det vanskelig å få det, smiler Linda. Ho fortel at det naturlegvis blir egg og bacon til frukost, med nysteikte brød med grove og fine rundstykke på bordet.


– Vi ønskjer både nye og gamle kundar hjarteleg velkomne til oss på Melshorn Hotell, smiler hotellsjef Linda Haddal Røssevoll.



   

 

 

Les mer...

2017-10-26 15:00

194015w2

Imøtekommer behovene til dagens bileier

Artikkel Utstyrt med smarte løsninger, vil Cars Software få forbrukeren til å skjønne at du ikke nødvendigvis behøver å oppsøke originalforhandleren når det kommer til garantiærender på bilen din.
195002w5

Med boligstyling kan du få enda mer for boligen din

Artikkel Med enkle interiørgrep kan du få enda mer for boligen din ved et salg. LivingVilla boligstyling har spesialisert seg på å fremheve det unike ved enhver bolig.

    Kontaktinformasjon

    193w2

    Hytteliv på svenskekysten

    Idylliske Bohuslän lokker mange sol- og badelystne nordmenn over svenskegrensa – sommer etter sommer. Bransjemagasinet har pratet med to erfarne feriehus-meglere, som forteller at de stadig får henvendelser fra kjøpelystne nordmenn.

    67532874

    Et plantebasert liv: For dyrene, miljøet og helsen

    Bransjemagasinet har gått i dybden på det vegetariske kostholdet og hvordan et plantebasert kosthold påvirker dyrene, vår helse og vårt klimaavtrykk her på jorda.

    Arkiv