Din møteplass på søre Sunnmøre

Melshorn Hotell på Hareid ligg midt i sentrum av søre Sunnmøre. Det er kort avstand til hurtigbåt, ferje og flyplass. Hotellet har møterom frå 2 til 80 personar, og alle fasilitetar.



Har du planar om møte, konferanse, selskap, jubileum, minnestund, konfirmasjon, barnedåp eller bryllup, ta då kontakt med Melshorn Hotell. 


Hotellsjef Linda Haddal Røssevoll ønskjer både bedrifter og privatpersonar hjarteleg velkomne. 


- Frå Ålesund Lufthavn, Vigra, går det flybuss som korresponderer med hurtigbåt til Hareid og Ålesund. Reisetida er om lag 40 minutt. Frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden, er reisetida 35 minutt med bil eller buss, opplyser hotellsjefen til Det Norske Bransjemagasinet.


Det er mogleg å legge nasjonale, regionale og lokale møter til hotellet. Vi ønsker at fleire skal sjå kor sentralt hotellet er lokalisert, og ser gjerne at fleire prøver oss neste gong dei skal møtes, smiler Linda. 


Melshorn2p


Fleksibelt 

I dei flotte og funksjonelle møtelokala er det topp utstyr. Lokala gjer det også mogleg å vere fleksibel i forhold til talet på møtedeltakarar. Slik er det også når det er større eller mindre selskap.


Vi har alt av utstyr på plass. Alt frå videokanon, lyd, lerret, whitebordtavle, flipover, trådlaust internett og mykje meir, seier den engasjerte hotellsjefen.  


- Det er naturlig for oss å bruke lokal polarhistorie som inspirasjon for utsmykking og val av namn på lokala våre. Møterom og restauranten er oppkalla etter ishavsskuter. Dette er ein hyllest til skutene og mennene som hadde dette krevjande yrket. Det er også ein varm tanke til alle som var heime og venta, seier Linda.  


Ho viser til at «Minna» har plass til 30 personar, medan «Aarvak» har ein kapasitet på 60 personar. Begge lokala kan ògså nyttast som selskapslokale. Alle lokala er utstyrt med moderne lyd- og bildeutstyr. 


- Lokala kan nyttast åleine, eller saman med restauranten «Polarstar», som ligg vegg i vegg. Alt i alt kan vi få plass til 200 personar, alt etter oppsett, seier hotellsjefen.  


Linda er klar på at ho kan «sy saman» eit spesialkonsept for dei som ønskjer det. 


- Det er berre å ta kontakt, så ordnar vi «skreddarsaum» for møter, konferanse og selskap, seier ho. 



Les mer...

2018-03-01 16.00

bildetilartikkel1

Veien til drømmekarrieren

Artikkel Naviger jungelen av muligheter med en karriereprøve.
newtracksny6

Realiser gründerdrømmen med produktutvikling som imponerer investorer

Artikkel NewTracks AS, hjelper bedrifter og personer med å realisere et produkt – fra idé til serieproduksjon, og kan levere et presentabelt produkt med strøken emballasje.

Kontaktinformasjon

national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

Å jobbe som vikar

Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

Digitale møter: Tips for nybegynnere

Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

Arkiv