184056-1184056-2184056-3184056-4

Slik har AMFI Ulsteinvik blitt nærmiljøet sin møteplass

I den vesle byen Ulsteinvik, viste kundetellaren til AMFI Ulsteinvik heile 1,1 millionar kundebesøk i fjor. – Vi er opptekne av å vere hjartet i lokalmiljøet, og at folk skal trivast her.

Senterleiar Helene Holstad har jobba  AMFI Ulsteinvik i 12 år, sjølv om ho kanskje berre hadde sett føre seg fem år. Slik blir det når ein trivst godt på arbeidsplassen sin. 


– Å jobbe på eit kjøpesenter er spennande og utfordrande, for ein veit aldri korleis dagen blir! 

AMFI Ulsteinvik er 12 500 kvadratmeter, inkludert kontorlokale og bowlinghall, og sjølve senteret består av 22 butikkar. Senteret er ein lys, triveleg og oversiktleg møteplass for innbyggjarane i Ulsteinvik. 


184056-2


 Vi er opptekne av å vere hjartet i lokalmiljøet, og at folk skal trivast her. Vi har alltid hatt fokus på at det er strøkent - både inne og ute. Det er ryddig, reint og innbydande, og senteret ligg sentralt i Ulsteinvik med kort veg til buss, parkering og sentrumsbutikkar, fortel Holstad. 


Sidan AMFI Ulsteinvik opna i 2005, har bygget blitt utvida i fleire etappar. Senterleiaren forklarar at utvikling og forandring er bra, men at kontinuitet er minst like viktig. Mange av butikkane på AMFI Ulsteinvik, har nemleg vore her heilt sidan senteret vart innvia


– Butikkane har veldig dyktige folk som har vore her i lang tid, og som gjer ein veldig god jobb. Vi har eit veldig godt miljø her, seier Holstad med eit smil. Noko som  ha gjort sitt til at AMFI Ulsteinvik passerte 1 million besøkande i fjor.  


184056-1


Ulsteinvik sine innbyggjarar omtalar ofte AMFI Ulsteinvik som byen sin trivelegaste møtestad. Med romsleg plass for småprat og glade gjensyn, er AMFI Ulsteinvik dessutan eit kjøpesenter der alle kan føle seg velkomne. 


 Og som eit lokalsenter er det viktig å famne heile familien. Difor legg vi stor vekt på aktivitetar for borna, og vi har leikerom og stellerom for barnefamiliar. 


Målet til AMFI Ulsteinvik er ikkje å vere det største kjøpesenteret, men eit kjøpesenter med eit godt nok utval til at du kan handle akkurat det du treng i kvardagen. Dei ønskjer å vere eit lokalt kjøpesenter for søre Sunnmøre. Butikkmiksen inkludera mellom anna daglegvarebutikkane Kiwi og Bunnpris, i tillegg til dyrebutikk, interiørbutikkar, klesbutikkar og leikebutikk - for å nemne nokre. 


184056-3


 Når du set saman eit kjøpesenter er det viktig å plassere butikkane rett, og det har vi fått til her. Dessutan er Amfisentera tilpassa lokalt, og eg som senterleiar kan saman med butikksjefar vere med på å forme det lokale kjøpesenteret slik at det passar Ulsteinvik sitt nærmiljø, forklarar ho. 


Amfisenteret i Ulsteinvik ønskjer ikkje å vere ein konkurrent til andre butikkar og kjøpesenter i byen, men vel å s sentrumsbutikkar som ein ressurs. Saman kan dei bidra til å gjere Ulsteinvik sitt lokalmiljø endå rikare. For kva er vel eit lokalmiljø utan sosiale møteplassar og meiningsfulle aktivitetar? 

Les mer...

2018-10-11 15:00

185049w2

Ny viten om gulvtepper

Artikkel – Mange tror at tepper er veldig farlig for allergikere, men det er tvert om, sier fagmannen Trond Christiansen i Malerstua AS.
184048W2

Mikrobrygget øl for folket

Artikkel Glad i godt håndverksøl? Fjordfolk Mikrobryggeri i Sandefjord lager mikrobrygget øl for folket med tilhørende butikkutsalg. – Tilbakemeldingene sier at det er Norges største og flotteste ølutsalg!

    Kontaktinformasjon

    IMG_3765

    Jakten på naturlig skjønnhet

    Jan Thomas tar oss med på reisen til godt selvbilde og velvære

    Ann-Kristin-Ytreberg-3

    Redder miljøet - én bedrift av gangen

    Bedrift for bedrift, jobber stiftelsen Miljøfyrtårn seg fremover – eller tilbake, til en grønn planet.

    Norskkunsthandverk

    Norsk design – en kulturarv av de sjeldne

    Designbutikken Norway Designs i Stortingsgaten 28 i Oslo, selger nordiske småskalaprodukter - i stor skala. Norway Designs vil at vi omgir oss med norske kvalitetsprodukter, og har en god forklaring til hvorfor.

    Arkiv