Verksemda, som held til i Furene Industriområde i Volda kommune, leverer profesjonelle ventilasjonsløysingar til næringslivet, offentlege institusjonar og private hushald. Produkt og tenester er mellom anna ventilasjonsanlegg, varmepumper, betongsaging, kjerneboring, avfukting, sentralstøvsugarar, avtrekksvifter, kjøkkenhetter, kjølerom/kjølehjørne, samt service/reparasjon og tilbehør til levert utstyr.
Varmepumper
- Vi leverer løysingar til alle typer lokaler, seier dagleg leiar Espen Egset. Varmepumper er effektivt og er ein direkte bidragsytar for reduksjon av CO2 utslepp.
- Folk flest er no meir opptekne av dette enn nokon gong tidlegare. Som varmepumpeforhandlar av Toshiba varmepumper bidreg Egset Ventilasjon i klimakampen, påpeikar han.
Egset fortel at kundane kan kjøpe ny varmepumpe med rentefri nedbetaling i 24 månader. Ein kan også dele opp beløpet over 24 månader. Til næringskundar kan dei tilby leasing av varmepumper.
Fokus på innemiljø
Egset Ventilasjon har også fokus på innemiljø. Ønskjer du å oppgradere bustaden din til å bli sunn og energieffektiv. Då er balansert ventilasjon med varmegjenvinning vere ei god investering.
- Ventilasjonsanlegget fjernar fukt, og det hindrar at det oppstår mugg eller sopp i huset . Rein luft sikrast ved å fjerne partikkel- og pollenforureining ved hjelp av effektive filter, seier Egset.