- Stillinga som dagleg leiar er samansett og mangfaldig, men eg skal jobbe til det beste for Ørsta kommune og til det beste for bedriftene. Vi skal vere ein aktiv pådrivar for konkurransedyktig infrastruktur og næringspolitikk. Ørsta Næringskontor er også lokalt Hoppid-kontor, som er førstelineteneste inn mot grunderar. Dette er spanande og viktig arbeid for ny vekst, innovasjon og etablering av nye arbeidsplassar i kommunen. Ingen dagar er like, og det er mange interessante utfordringar, der ein møter mange kreative og flinke folk, seier Odd Magne Vinjevoll.
Ørsta Næringskontor er bygd opp og grunnlagt med basis i Ørsta kommune og medlemsmassen. I dag har dei om lag 100 bedrifter som er medlemmar. Kontoret vart etablert i 1998.
- Det er samspel mellom næringsliv og kommune som er viktig å vere med på. Enten det gjeld søknadsprosessar i forhold til etablering, eller å knyte kommunen tettare saman med næringslivet eller omvendt. I arbeidet med å bistå grunderar i å lyfte fram og utvikle nye idear, er det viktig å informere om offentleg støtteapparat, bistå i søknadsprosessar eller knyte kontakter til det som bidreg til vidare utvikling. Dette arbeidet kan også vere å koble kontakter mellom grunder og etablerte bedrifter for sparring og mentorhjelp.
Med 10 700 innbyggarar er Ørsta kommune største kommune og tettstad på Søre Sunnmøre. Ørsta er kjend som ei solid industrikommune, ei sentral besøkskommune med mykje handel og turisme, og samstundes ei av dei største landbrukskommunene i Møre og Romsdal. I mange år har dei arrangert landbruksmesser og konferanser som samlar folk fra heile landet. Kommunen har i tillegg eit stort potensiale når det gjeld reiseliv. Her skjer det no ei rivande utvikling gjennom etablering av fleire reiselivsaktørar innan naturbasert opplevingsturisme. Dette i tilknytning til at her er tre store hotell, gjer at ein kan tilby stor kapasitet i overnatting og matopplevingar.
- Den årlige Næringskonferansen har også vorte ein attraktiv samlingsplass. Konferansen vart arrangert for fjerde gong i år, og har eit stort spenn av deltakarar og foredragsholdarar. Konferansen er eit ledd i kontoret si oppgåve med å skape møteplassar for næringslivet der ein kan knyte nye kontakter og samstundes få eit fagleg og inspirerande foredrag. Vi er alt godt i gang med å planlegge neste års konferanse, som blir 6. april 2017, fortel Vinjevoll ivrig.
Han vil fremheve at kontoret også er eit bindeledd mellom skular og næringsliv i Ørsta, og oppfordrar samstundes lokale gründerar som sit på idéer til å ta kontakt. Næringskontoret har eit tett samarbeid med grunnskulen og Ørsta Vidaregåande Skule. Det er her det spirar og gror av grunderar, og disse får vise seg fram gjennom grundercamper, samstundes er det viktig å inspirere elevane til å tidlig tenke på si yrkeskarriere for å ta dei rette utdanningsvala.
- Døra vår står alltid open, så det er berre å kome innom.