173064på173064pds173064sdaa173064pøsd173064pffds173064pø173064

Med hjarte på rette staden

Fjordhotellet i Hjørundfjorden kan by på langt meir enn fjord og fjell. Maten er rett og slett fantastisk, og gjer totalopplevinga magisk. Fokuset på lokal mat, gjer at fleire og fleire vel å reise til Sæbø på Sunnmøre.

Gode gamle tradisjonar med rekebuffet og søndagsbuffet har allereie fått mange til å reise til fjordhotellet for å smake den nydelige maten. Slik har det også vore i samband med konferanser, selskap, jubileum og andre festdagar. Likevel, det er plass til fleire, inviterar Wenke Gjørtz. Ho er leiar for hotellet, som ho omtalar som eit unikt fjordhotell med tårn, atrium, tunhus og eigen marina.


Terningkast 6

Ein grå og regntung haustkveld fekk Det Norske Bransjemagasinet kome på besøk til det trolske og vakre hotellet i Hjørundfjorden på Sunnmøre. Vi fekk smake, sjå og oppleve mat, og ikkje minst presentasjon av mat. Vi stod att med ypperste karakter, terningkast 6.


173064plds


Gjestane, som denne kvelden kom frå Sparebank 1, var også fulle av lovord om mat og service. Ein kunde som kjem tilbake gong etter gong, er gjerne det.


Dei tre kokkane på kjøkkenet hadde denne kvelden ein meny beståande av kastrert okse frå Haramsøya, baconterrin, jordskokkpure, østerssopp, bakt asparges, pommes Anna potet, bakt sherrytomat og raudvinsaus. Det smakte nydelig.


173064pøsd


– Vi har god kjemi, fokus på arbeidsoppgåvene og godt humør. Det er tre viktige faktorar for å lage, og skape god mat, smiler kjøkkensjef Espen Frøland. Han rosar sine kollegaer, og fortel om eit svært godt arbeidsmiljø.


– Vi kjenner kvarandre godt og spelar kvarandre gode. Alle har sine sterke sider som vi prøver å nytte best mogleg, seier kjøkkensjefen. Han er stolt over maten dei serverer, og ser fram mot ein fin haust og julebordsesong. Det første som står på menyen er havets festbord, etterfulgt av smalahove. Det siste blir både nytt og spennande for hotellet.


Fjord og fjell

– Vi speglar gjerne både fjord og fjell i menyen vår. For dei som bur hos oss ei helg kan gjerne menyen vere frå havet ein kveld og frå fjellet dagen etter, seier Wenke.  Ho er veldig stolt av sine kokkar, og den smakfulle kjøkken. Hotelleiaren vil gjerne at fleire skal få oppleve hjarte i Sagafjord Hotel.


– Eg er ikkje i tvil om at eit godt kjøkken med god mat er det viktigaste og hjarte for vårt hotell. At gjestane våre får kombinasjonen med vakker og spektakulær natur, saman med fantastisk god mat, er slik vi vil ha det, seier ho. Det er ikkje utan grunn at ein gjerne må yte, før ein kan nyte på Sagafjord Hotell. Kva du yter er imidlertid basert på eit lågterskeltilbod.   


173064sdaa


Etter ein nydelig middag denne haustkvelden, fekk både gjestar og skribent servert ein kjempegod dessert. Den bestod av ostekake med snøfrisk og friske bær. Snøfrisken kjem frå meieriet til Tine i Ørsta sentrum, nok ein lokal leverandør til hotellet. Som middagen, var også desserten svært god.


Julebord

 Sagafjord Hotel kan by på 40 gode rom og eigen marina, samt sjarmerande tunhus med sengeplassar.


– Vi kan friste med to behagelige konferanserom med alle moderne finesser, samt den to hundre år gamle Skulestova for mindre grupper. Restauranten kan dekke til fest og julebord for 90 personar, seier hotelleiaren, som gler seg til julebordsesongen. Bestillingane er allereie i ferd med å kome, så Wenke oppmodar bedrifter og andre om å kontakte hotellet for ein uforpliktende prat. Dei kan friste med fantastisk god mat, musikk både fredag og laurdag, og ikkje minst - unik stemning.


– Det beste av alt er at vi skreddarsyr draumeopphaldet hos oss, smiler den sympatiske hotelleiaren.

   






Les mer...

2017-09-15 15.15

bilskadekvinesdal1

Profesjonell og rask bilskadehåndtering hos godkjent skadeverksted i Kvinesdal

Artikkel Bilskade Kvinesdal er utstyrt med moderne teknologi for å håndtere alle typer karosseri- og chassis-skader. For forsikringsselskaper utfører bilskadeverkstedet ulike reparasjoner og utskiftninger av bilglass,...
safeline4

Smart teknologi gjør dette til framtidens heis

Artikkel SafeLine har levert heisalarmsystemer siden 90-tallet, og er en stor aktør i Europa med over 350 000 installasjoner. Nå lanseres SafeLine LYRA – enheten som digitaliserer heistrafikken, forutser vedlikehold...

    Kontaktinformasjon

    vidaxl

    Fem måter å nyte mer tid utendørs

    Uansett hvor du bor, om det er i et hus med hage, en leilighet, eller en hybel, er det synd om du ikke utnytter sjansen til å tilbringe ekstra tid ute, spesielt i sommermånedene. Når solen er ute og temperaturen stiger, er det mange som liker å få litt frisk luft og naturlig D-vitamin. Men kanskje synes du det er vanskelig å forlate hjemmet av en eller annen grunn? Heldigvis er det ingen grunn til bekymring. Vi har samlet en liste over måter å lokke deg selv til å begi deg ut i den solfylte naturen.

    national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

    Å jobbe som vikar

    Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    Arkiv