Nordvestlandet sin største trafikkskule

I Volda har Rotevatn Trafikkskule AS drive trafikkskule sidan 1976. Med sitt oppkjøp av Skårbrevik Aut Trafikkskole AS i Ålesund, er den rutinerte familieverksemda størst av trafikkskulane på Nordvestlandet.

– Då vi fekk høve til å gjennomføre eit oppkjøp av ein av dei eldste trafikkskulane i distriktet, Skårbrevik Aut Trafikkskole AS på Moa, bestemte vi oss for å utvide satsinga i Ålesund. Som Rotevatn Trafikkskule, har Skårbrevik ein firmaprofil der fagleg utvikling, fagleg seriøsitet og kvalitet ut til elevane står i sentrum, seier Kjell Erik Rotevatn, dagleg og fagleg leiar ved Rotevatn Trafikkskule.


Han viser til at trafikkskulen vil halde fram som før, og eigarskiftet vil ikkje medføre endringar for elevane.


– Dette er ei strålande utvikling for oss, og trafikkskulen får no endå større og sterkare faggruppe med 18 tilsette. Desse vil tilby trafikkopplæring på heile Sunnmøre, i klassene TG, M146, A1, A2, A, B, B96 og BE, seier Rotevatn til Det Norske Bransjemagasinet.


Stranda og Sykkylven

Rotevatn Trafikkskule er sidan februar 2018 også lokalisert på Stranda, gjennom samarbeid med Solbakken Trafikkskole. Slik er det også i Sykkylven, gjennom samarbeid med Innerdal Trafikkskule.


– Vi vil supplere tilbodet til Solbakken Trafikkskole og Innerdal Trafikkskule med å tilby opplæring i klassene M146, A1, A2, A, B96 og BE. I første omgang er det klasse M146 som vert gjennomført på Stranda, seier den daglige leiaren i Rotevatn Trafikkskule.


181001psaaaa


Kjell Erik Rotevatn er andre generasjon som skal drive den erfarne trafikkskulen vidare. Han har med seg mange dyktige trafikklærarar og tilbod på både moped- og MC-lappen, førarkort for bil og kurs for dei som skal trekke store tilhengarar og tunge campingvogner.


– Det har alltid vore mykje konkurranse i denne bransjen. Men vi har alltid hatt meir fokus på den pedagogiske biten og faginnhaldet. Det viser også att når vi ser korleis pågangen er hos oss. Vi er opptekne av å utvikle oss, gjere ting skikkelig, og vi firer aldri på krava. Uansett korleis du ser på det, så har du faktisk eit samfunnsansvar i denne bransjen, seier han.


– Når vi tek på oss å lære ein ungdom å køyre bil, skal den ungdomen køyre trygt etterpå; både for sin eigen og for sine medtrafikantars del! Då handlar det faktisk ikkje først og fremst om å tene pengar, men om heilt andre verdiar. Og der skal kvaliteten visast, legg Kjell Erik til.


Sterk familiebedrift

Med oppstart i 1976 er Rotevatn Trafikkskule ein av dei eldste trafikkskulane i regionen. Grunnleggaren John Rotevatn har vore i bransjen sidan 1970. Han var i det første kullet nokon gong på trafikklærarskulen i Stjørdal i 1971, og var lærar der frå 1972. Han er glad for at sonen Kjell Erik både har kome tilbake til heimbygda, og for at han val å gå i inn i familieforetaket. Sjølv om han kanskje meinte guten bestemte seg vel tidleg for kva han skulle bli, ler han.


– I 1991 var eg tolv år gamal, og hadde allereie då bestemt meg for å bli trafikklærar. Ikkje minst fordi eg var stolt over at far dreiv i familienamnet, og for meg var det viktig å ta namnet vidare. I løpet av ungdomsskuleåra fann eg også ut korleis eg skulle bli det, så då eg kom på vidaregåande og kanskje var litt einspora med tanke på utdanninga vidare, hugsar eg at pappa rådde meg ifrå å bli trafikklærar, ler Kjell Erik.


181001


Likevel tok han til på trafikklærarutdanninga i 2002, og var deretter to år i Stavanger før han i 2005 kom heim att. Sidan har han og faren arbeidd tett som kollegaer.


Aktive i bransjen

Kjell Erik vart fagleg leiar i 2008. I tillegg er han med i Nasjonalt fagråd for MC, der mandatet mellom anna inneber å svare på høyringsforslag. Noko av det første han gjorde på eitt av møta, var å vere med på å handsame forslag om endring i balanseøvinga på motorsykkel. Sjølv har John vore i styret i ATL (Autoriserte trafikkskolers landsforbund) sidan 2001. Dei siste åra har han også vore leiar.

                                                       

– Då held ein seg oppdatert, og får vite kva som skjer sentralt. For eksempel dei nye fråværsreglane som har vore veldig omdiskutert. Dei diskuterte vi for over to år sidan på eit leiarseminar i Oslo, og folk frå ATL har gått i Stortinget sine korridorar og drive lobbyvirke, fortel John.  


181001åpoaaas


Både han og Kjell Erik veit kor viktig det faglege er i denne bransjen, og ikkje minst at dei innanifrå har ein veldig sterk faggruppe der dei kan spele ball med kvarandre. I 2011 kjøpte dei Ulstein Trafikkskule, og fekk dermed ikkje berre fleire lærarar, men også utvida nedslagsfelt. Auka kapasitet gir fleire elevar, og betre oppfølging.


Trafikkskulen tilbyr opplæring i klasse B, og opplæring i alle dei tre motorsykkelklassene. Den praktiske opplæringa føregår i Volda og Ørsta-området, medan teorikurset vert arrangert både på kontoret i Volda og i Ulsteinvik.


Annleis no enn før

På trafikkskulen sin nettstad er det eigen elevside med innlogging. Mykje har endra seg sidan oppstarten i 1976, ikkje berre når det gjeld digitalisera av læremiddel og verkty.


– På 70-talet hadde vi så stor pågang at vi hadde to års ventetid, hugsar John.


– Samstundes var det også ein annan elevmasse. På 70- og 80-talet var halvparten folk i 40 til 50-åra. På 90-talet kom det store skiftet. Då vart det vanleg at ein skulle ha lappen når ein fylte 18. Men no er det faktisk igjen blitt litt eldre elevar. Og vi har fått endå ein ny elevgruppe, med våre nye landsmenn. Vi har mange flotte og motiverte elevar, smiler han.


181001dsa


Rundt 1985 starta trafikkskulen motorsykkelopplæring, og spesielt den delen har auka stort. Ti år seinare fekk dei også mopedopplæring, og i dag er dei den skulen som får fram flest motorsyklistar, får dei høyre av sensorane ved Biltilsynet.


– Kva hadde vi vore utan kundane våre? Opp gjennom åra har vi sponsa idrettslag og foreiningar, Hødd i fotball, handballen i Volda og mange andre. Det er eg glad for at vi har hatt råd til å gjere, og for at vi har hatt høve til å dele med kundane våre.

Les mer...

2018-02-20 11.30

anleggsgartnerost2

Engasjert og erfarent anleggsgartnerfirma skaper imponerende utemiljøer

Artikkel Anleggsgartner Øst AS, har en lang kunnskap og bred ekspertise i anleggsgartnerfaget, med mangfoldige tjenester som strekker seg fra private hager til imponerende prosjekter innenfor offentlige områder.
dynamicengineering2

Dynamic Engineering AS: Revolusjonerer oppdrettsnæringen med sitt Dynamic FishEye kontrollsystem

Artikkel

Kontaktinformasjon

93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

vidaxl

Fem måter å nyte mer tid utendørs

Uansett hvor du bor, om det er i et hus med hage, en leilighet, eller en hybel, er det synd om du ikke utnytter sjansen til å tilbringe ekstra tid ute, spesielt i sommermånedene. Når solen er ute og temperaturen stiger, er det mange som liker å få litt frisk luft og naturlig D-vitamin. Men kanskje synes du det er vanskelig å forlate hjemmet av en eller annen grunn? Heldigvis er det ingen grunn til bekymring. Vi har samlet en liste over måter å lokke deg selv til å begi deg ut i den solfylte naturen.

article1

Beste stedene å campe i Norge

Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

Arkiv