184022w1184022w2184022w3184022w5

Størst på Søre Sunnmøre

G. Eilertsen, Aasen Bilverksted, Sporstøl Bilverksted og Frodes Bilverksted har samla seg under same tak. Det betyr det største verkstedsenteret på Søre Sunnmøre, i regi av Dragsund Verkstedsenter i Myrvåg.

Det nye bygget har ei investeringsramme på 23 millionar kroner og er på 1500 kvm. 


-Det er ei stor satsing, men vi har trua på dette. Regionen Søre Sunnmøre er i vekst, og har framtida føre seg. Difor er vi villige til å satse, seier Geir Eilertsen, ein av investorane i nytt skadesenter og mekanisk bilverkstad.


Flytting og utviding

Skadeavdelinga til G. Eilertsen på Hareid og Aasen bilverkstad har flytta inn hos Dragsund Verkstedsenter. Samstundes utvidar G. Eilertsen sin mekaniske avdeling på Hareid. Der har det blitt Toyotaverkstad. Det same har det blitt for G. Eilertsen i Ulsteinvik.


Sporstøl bilverkstad, som også er ein del av spleiselaget, har flytta frå under Dragsundbrua og inn i den nye verkstaden. Saman med Frodes Bilverkstad vil dei drive den mekaniske avdelinga av verkstaden. Sporstøl er Mekonomen, og G. Eilertsen er knytt til Automester-kjeda. Alle har dekkhotell. 


Sentral aktør

Etter samlokaliseringa i Dragsund er det 15 tilsette i verkstedsenteret. I tillegg har G. Eilertsen seks tilsette på Hareid og seks i Ulsteinvik. Såleis er dei den største verkstadkjeda på Søre Sunnmøre.


Geir Eilertsen har stor tru på satsinga i Myrvåg. Her har dei fått flotte og nye lokaler, og verkstaden vil ligge sentralt plassert mellom kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Herøy er ein stor kommune, som han håpar å få kundar frå.


- Eg har tru på skadeverkstaden i Dragsund. Når ein har skade på bilen, får ein gjerne leige bil, då er folk gjerne villige til å køyre litt lenger til verkstaden, seier han. 


Verkstaddrivarane fortel til Det Norske Bransjemagasinet at dei gjer dette for å stå sterkare i framtida, og for å kunne dra nytte av den felles kunnskapen til alle verkstadane.


Stor breidde

Dragsund Verkstedsenter har gode samarbeidsavtaler med alle forsikringsselskap. Såleis er det ulike skader på ulike bilmerker som vil bli reparert i Myrvåg. 


-Dette gjeld både karosseri og lakk, seier avdelingsleiar Inge Johan Brandal. Han viser til at dei nyttar Dinitrol til understellsbehandling. 


Den nye og topp moderne verkstaden tilbyr også alt av mekanisk reparasjon. 


-Dette gjeld frå heilt nye bilar, til eldre bilar av alle merker, seier Geir Eilertsen. 


Dragsund Verkstedsenter ønskjer alle gamle og nye kundar hjarteleg velkomne til å stikke innom. 


184022w5

Les mer...

2018-12-17 14.30

CT1Norge4

Allsidig fugemasse revolusjonerer byggbransjen: – Erstatter flere produkter

Artikkel CT1 er produktet som kombinerer egenskapene til fugemasse og konstruksjonslim, for en enklere og mer effektiv arbeidshverdag. Det sparer tid, penger og miljøet.
klasenstropp1

Trygg lastsikring hos landsdekkende løfte- og lastsikringsspesialist

Artikkel Klasen Stropp & Kjetting AS i Sandefjord, har spesialistkompetanse på løfteutstyr og lastsikring til transportvirksomhet, entreprenører og maritim industri. – Vi ønsker å være best på det vi gjør, understreker...

    Kontaktinformasjon

    • Dragsund Verkstedsenter
    • Heimeside
    • Telefon:
      SPORSTØL BILVERKSTED 700 85 300/SUNNMØRE SKADESENTER 700 95 320
    • Adresse:
      Dragsundvegen 69, 6080 Gurskøy
    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

    Å jobbe som vikar

    Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

    Arkiv