Exlevel AS i Fosnavåg levarar skreddarsydde IT-løysningar

Exlevel AS i Fosnavåg på søre Sunnmøre skreddarsyr sine kurs- og konsulenttenester innan Microsoft Office.

Dagleg leiar Therese Frøystad Igesund starta opp bedrifta Exlevel i 2013. Frå lokala i sentrum av Fosnavåg tilbyr dei kurs- og konsulenttenester i Microsoft, hovudsakleg retta mot bedriftsmarknaden. «Expand to New Levels» er slogenet til verksemda. Dette betyr utviding av erfaring og kompetanse.


Skreddarsaum

Ein av bedriftene som har fått skreddarsaum frå Exlevel AS er IGLO Mano AS frå Vegsund i Ålesund. Kjerneområda til denne verksemda er kurs- og bemanningstenester. Behovet for eit spesialtilpassa system i excel har vore etterlyst. 

-Etter at vi for snart 20 år sidan starta med lossing og lasting av fiske- og fraktebåtar utvikla dette seg raskt, og vi vart desidert leiande på Sunnmøre. I dag har vi en markedsandel på om lag 90 prosent, seier Ole Henrik Eidsvik i IGLO Mano. Han er kjempefornøgd med systemet som Exlevel har skreddarsydd, og det gode samarbeidet med Therese Frøystad Igesund.


Lidija Kaminskiene i Ålesundverksemda, er også full av lovord om samarbeidet med Exlevel.

-Therese har saman med oss funne eit system i Excel som passer oss midt i blinken. I tillegg er ho alltid positiv og hjelpsam når vi har spørsmål, rosar Lidija.


Konsulenttenester

Exlevel tilbyr både kurs og ulike konsulenttenester innanfor Microsoft Office.

- Dette kan vere tenester som rådgiving og utvikling av løysingar knytt til Microsoft Office programvare, eller utføring av konkrete arbeidsoppgåver med Microsoft Office som arbeidsverkty, seier den daglige leiaren for Exlevel. Ho fortel at Microsoft Office er et arbeidsverkty som blir nytta dagleg av bedrifter innan ulike bransjar.

- Det viser seg at mange ikkje har kjennskap til moglegheitene innan dei ulike program, og korleis få til effektiv bruk, seier Frøystad Igesund. «Tilpasning» og «effektiv samhandling i Microsoft Office» er fokusområda i leveransen frå Exlevel.

 

-Dette gir stor gevinst for den enkelte bedrift i form av effektivisering og forbetring av kommunikasjon. Dette gjeld også tidsbesparing, forbetra arbeidsmetodikk og større utnytting av program, seier ho.


Den vesle bedrifta ut mot havet på ytre søre Sunnmøre «er framme i skoa», og ser fram til å bli kontakta for nye og spennande oppdrag. Primærområdet er Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, men dei tek også på seg oppdrag for bedrifter i andre delar av landet.

Les mer...

2018-03-20 13.15

bergencaravan3

Caravan-senter i Bergen oppfyller feriedrømmen med bobiler i toppsjiktet

Artikkel Bergen Caravan AS, har levert feriedrømmer i 40 år og ønsker velkommen til 6 000 kvadratmeter med ekte bobilglede på Hylkje i Bergen.
lagerboks5

Enkelt og smidig minilagerkonsept på hjul

Artikkel Transport og lagring i én tjeneste: Lagerboks AS gjør kort- og langtidslagring enklere og tryggere. – Vi ønsker at mobilt minilager skal være det enkleste lagringssystemet på markedet, i tillegg til at...
norge

Norges økonomi viser vekst og påvirker byggebransjen

Den norske økonomien har vist jevn vekst de siste tre kvartalene, noe som skaper optimisme på tvers av ulike sektorer. Byggebransjen er spesielt godt posisjonert til å dra nytte av denne økonomiske oppgangen.

kroatia

Kroatia – et land som rommer mer enn kysten

Kroatia forbindes ofte med sol, bading og klart hav, men landet har langt flere sider enn det førsteinntrykket mange sitter igjen med.

elbil

Kjøring med elbil om vinteren – hvordan få bedre rekkevidde?

Elbiler (EV) representerer fremtiden for transport, men deres effektivitet under utfordrende vinterforhold kan være en utfordring.

Arkiv