Spreier syglede frå Sunnmøre

Kremmaren Håvard Stennes har spesialforretning for symaskiner, saum, omtrekking og alt som høyrer med i Volda på Sunnmøre. Butikken kombinerer han med storstilt nettsatsing.

Det oser engasjement og kreativitet av den sprudlande kremmaren vi møter hos Syglede i Volda, som består av butikk, systove og nettbutikk. 


– Vi er forhandlar av Brother sy- og broderingsmaskiner. I tillegg sel vi industrisymaskiner. Vi har stoff og tilbehør til den ivrigaste syerske, samt kjekke hobbymaterialer for store og små, seier Stennes til Det Norske Bransjemagasinet.


173043ssa


Han fortel også at dei har eigne skreddarar som kan tilby tenester innan gardinsaum, målsaum av kjolar og dress, reparasjonar av kle, samt redesign. Syglede tilbyr også sykurs for born og vaksne, noko som fleire og fleire får opp auga for.


Møteplass
– Vi vil gjerne få til lokal handel og aktivitet i sentrum. Difor inviterer vi alle innom oss, til ein møteplass for strikking og den gode samtalen. Her skal alle kunne føle seg heime, smiler 40-åringen. Han viser bransjemagasinet rundt i butikken som består av to etasjar på Snippa i Volda sentrum.


173043paaa


– Eg vil gjerne skape noko, og få til arbeidsplassar. Difor har vi i dag ein butikk og nettbutikk som utviklar seg for kvar veke. Eg er nyfiken og interessert i utvikling, så ingen veit kva morgondagen gir, seier Håvard Stennes. Han viser til at det skal vere kort veg frå idé til handling.


Skogstad til Ulsteinvik
Frå å vere ein butikk som hadde Skogstad sine populære sports- og fritidskle i hyllene, har Syglede valt å reindyrke butikken i Volda. Det betyr at alle Skogstad sine produkt er flytta til ein ny butikk for Syglede på Amfi Ulsteinvik.


173043p


– Dette har vi gjort for å få betre plass til begge våre flotte sortiment. Det er «vinn-vinn» og kundane ser no heile vårt spennande utval når dei tek turen innom våre to butikkar, seier Stennes.


Han legg til at i butikken i Ulsteinvik har dei også eit variert utval av saum og symaskiner.


Gjenbruk
Kremmaren på Snippa har fått stor sans for gjenbruk opp gjennom åra. Dette gjeld også når det gjeld kle, møblar og mykje anna.


– Det gjeld å vere kreativ og nytenkande når det gjeld gjenbruk og redesign. Vi brukar det vi har, og kan mellom anna tilby unike strikkevesker, som tidligare har vore ein litt keisam duk. Slik er det også om ein treng nytt glidelås, sy saman hol i bukser eller rett og slett reparere den beste dongeribuksa.


173043psad


Syglede tek også inn symaskiner for reperasjon.


Nettbutikken
Syglede tilbyr skreddarsydde bunader. Det er noko du også kan bestille via nettbutikken. Dyktige skreddarar står klar til å utføre spesialbestillingar.


– Vi må vere på nettet i dag med det tilbodet vi har. Det er eit svært godt supplement til dei fysiske butikkane, og nettet lever sitt eige liv når vi står bak disken i Volda og Ulsteinvik, påpeikar eigaren og den daglige leiaren. Han legg ikkje skjul på at han er framme i skoa når det gjeld å få med seg det nye og spennande også på nettsal.


173043ps

­


– Eg håper likevel å sjå flest mogleg innom butikkane våre her på Sunnmøre. Likevel, eg er realist og forstår at framtida for kjøp og sal også vil gå føre seg på internett. Det kjekkaste eg veit, er uansett å få ein kunde inn i butikken, som går blid og fornøgd ut av butikken igjen, smiler han.

 

   

  

Les mer...

2018-02-20 11.15

teamsecurity1

Lokal sikkerhetsaktør med nasjonale ambisjoner

Artikkel Team Security AS, har gjennom oppkjøp og en sterk organisk vekst blitt en spennende og etterlengtet utfordrer på sikkerhetsmarkedet i Norge. – Det er på høy tid at de store vaktselskapene får en nasjonal...
novotek1

Fra penn og papir til skyløsninger og KI: Novotek hjelper bedrifter med industriell digitalisering

Artikkel Novotek hjelper industribedrifter med optimalisering og digitalisering av produksjonen, med avanserte løsninger for blant annet automasjon, skyteknologi og kunstig intelligens. – Vi har store vekstambisjoner...

Kontaktinformasjon

hellofresh

Hvordan skape mer hygge på kjøkkenet

For mange er matlaging bare en av hverdagens plikter, en ndvendighet som nesten går på autopilot. Brødskiver smøres, poteter koker og oppvasken går, alt uten at du tar deg mye tid til å tenke over det. Kjøkkenet er gjerne ikke det første rommet du forbinder med hygge og kos, men vi mener det burde være det.

sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

Digitale møter: Tips for nybegynnere

Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

national-cancer-institute-NFvdKIhxYlU-unsplash

Å jobbe som vikar

Å jobbe som vikar via et vikarbyrå i Norge har mange fordeler, men det kan også være svært gunstig for en bedrift å innleie fra bemanningsforetak.

Arkiv