172004s172004f172004

Her kan kan du ringe og bestille din favorittkake!

Westre Bakeri i Ørsta tilbyr kundane å ringe å bestille sin favorittkake. Både private og bedrifter kan ringe, sende e-post eller stikke innom eit av utsala for å bestille kake. Kvifor ikkje gi Westre oppdraget med å lage din neste kake, med logo, bilder og tekst.

– Kunden kan hente kaka på bakeriet på Rystelandet, eller hos ein av butikkane i Ørsta eller Volda. Tilbodet er allereie populært, men vi tek gjerne imot nye bestillingar. Det er alltid ein grunn å feire med kake, smiler Annette Westre Hjellen til Det Norske Bransjemagasinet. Ho er dagleg leiar og konditor for den rutinerte og populære bakaren.


Westre Bakeri vart etablert 1964 og held til i eigne lokale på Rystelandet industriområde i Ørsta på Sunnmøre. Nyleg markerte dei at verksemda hadde vore 30 år på Rystelandet. Før det held bedrifta til på Vartdal. Det er Annette og ektemannen Arnt Egil Hjellen som driv bakeriet. Sonen deira jobbar som bakar. Mor og far til Annette, Oddlaug og Eldar, hjelper også til med å drive familiebedrifta vidare.


172004pølo


Din lokale bakar

Westre Bakeri er først og fremst bakeriet for Ørsta og Volda. I begge bygdebyane har bakeriet butikkar. I Ålesund, på Amfi Moa, finn du også Westre med sitt bugnande utval av koditor- og bakarvarer..


– Om det er bilder, logo eller lang tekst så set vi stor pris på å få tilsendt bestillinga på e-post. Då kan ein også scanne bilder som ein vil ha på kaka. Vi er inne på nettverket fleire gongar per dag, så vi registrerer bestillinga raskt, seier Annette.


I dag får bakaren mange bestillingar på kaker til bursdagsfeiringar, jubileum og andre samankomstar.


– Vi får også ein del kakebestillingar frå private og bedrifter som vil takke nokon. Gjerne for ein teneste eller oppleving. Då blir også mottakaren ekstra glad for å bli overraska med ei flott og spesiell kake, seier Annette, som fortel at alle utsal også har vanlige kaker til sals.   


172004


Produkta er bygd på gode råvarer, yrkesstoltheit og tradisjon.


– Vi vil at produkta skal vere slik dei var før. Med andre ord, dei tradisjonsrike populære produkta som Westre halvfint, svissrull med mykje egg - etter farfar si oppskrift. Dette gjeld også til jul, som julemanna laga med surmjølk, sirupsnippa med mandel på og av kokt deig, er berre nokre eksempel på bedrifta sine tradisjonsprodukt, seier ho.


Jubileum

Bakeriet feira 14. september 30-årsjubileum. Annette har vore med nesten heile vegen i familieverksemda. Ho er utdanna konditormeister, og er full av lovord om dei flinke konditorane ho har med seg i produksjonen.


– Vi har vore her lenge, og vil gjerne vere her lenger. Såleis er det veldig kjekt at både bedrifter og private bruker oss. Vi er svært glade for mange gode og trufaste kundar. Likevel håper vi at vi kan nå ut til fleire, som gjerne ikkje kjenner til alt vi har å by på, seier den engasjerte daglege leiaren.


172004s


Ho er stolt av sine tilsette og av dei produkta Westre leverer. Dette gjeld både kaker og tradisjonelle bakarvarer som dei leverer.


– Vi leverer kvalitetsvarer og nisjeprodukt kvar einaste dag. Alt som blir levert frå oss er handlaga, gjerne med gode og tradisjonelle oppskrifter. Oppskrifter som naturlegvis er hemmelige, smiler Annette lurt. Det er tydeleg at verksemda er krystallklar på god tradisjonsmat.


– Vi oppmodar både gamle og nye kundar om å ringe inn å bestille kake med oss. Vi har fleire storleikar og variantar med tanke på form og innhald, både til kvardag og fest. Vi har også kaker til ulike prisklasser ut frå kva kunden vil ha, opplyser Annette Westre Hjellen.

Les mer...

2017-11-24 17.00

portmann11

Lokal gitterprodusent overrasker med egenproduksjon av gittersystemer

Artikkel Portmann AS i Bergen, er en port- og gitterprodusent som leverer alt av porter og gitter til privat- og proffmarkedet. Nå har den lokale aktøren fått stor suksess med flere nye produkter – som lover lang...
Ga partner1

Full pott for bakketransport- og servicepartner i Bergen

Artikkel GA Partner AS, er en trygg og eksklusiv bakketransportpartner som dekker det komplette behovet til mindre grupper som lander i Bergen. Med hjelp av profesjonelle koordinatorer strekker man seg langt for...

    Kontaktinformasjon

    • Westre Bakeri AS
    • E-post
    • Telefon:
      70 04 83 60
    • Adresse:
      Industriveien 12, 6150 Ørsta
    article1

    Beste stedene å campe i Norge

    Norge er et campingparadis, med sitt dramatiske landskap og overflod av campingmuligheter. Enten du leter etter en avsidesliggende campingplass ved sjøen eller på fjellet, har vi dekket deg.

    hytte

    Utnytt din gamle hyttes potensiale

    Hyttekulturen står sterkt i det norske samfunnet. Mange har hytter som har gått i arv gjennom generasjoner, og som med tiden trolig har blitt slitt og trenger oppussing. I dag bygges det nye hytter for fullt, og dessverre blir mange eldre hytter stående tomme eller revet ned for å bygge nytt. 

    hellofresh

    Hvordan skape mer hygge på kjøkkenet

    For mange er matlaging bare en av hverdagens plikter, en ndvendighet som nesten går på autopilot. Brødskiver smøres, poteter koker og oppvasken går, alt uten at du tar deg mye tid til å tenke over det. Kjøkkenet er gjerne ikke det første rommet du forbinder med hygge og kos, men vi mener det burde være det.

    Arkiv