181 023r181 023xd181 023ddddd181 023cxvbg181 023181 023e181 023fccsdcd

Her finn ein det største dørlageret i landet

På Rystelandet i Ørsta på Sunnmøre finn ein landet sitt største lager av dører. Bygg1 tilbyr dører og andre byggevarer til forhandlarar, husfirma og entreprenørar. Dei er best på levering og service.

Bygg1 er grossist. Noko av det viktigaste dei gjer er å pleie samarbeid med produsentar, som har lang erfaring innan produksjon av dører og andre byggevarer.


– Vårt moderne lager og kontorbygg ligg i Ørsta kommune, midt i hjarte av sunnmørsalpane. Gjennom Ørsta går kyststamvegen E39, som gjer at vi får transportert dørene raskt ut til våre kundar i heile landet. Vi har eit stort lager, faktisk det største i landet, noko som gjer at vi kan levere innan eit par dagar, seier Egil Skar.

Salgssjefen i Bygg1 viser til at det er Posten Bring som er transportør, og som lever av å levere kvalitet kvar einaste dag.


181 023d


I 2017 hadde Bygg1 ein omsetnad på 122,5 millionar kroner. Målet for 2018 er 160 millionar kroner. Ein auke på 30 prosent. Etter første kvartal var dei «a jour» med budsjettet.


Sunnmørsk og innovativt
– Vi og våre samarbeidspartnarar jobbar kontinuerleg med produktutvikling, seier Jan Runar Holsvik. Den daglige leiaren i Bygg1 fortel om strålande utvikling for grossisten sidan oppstarten i 2001.


– Overskotet har gått rette vegen kvart år. Dette skuldast ikkje flaks, men hardt arbeid med fokus på dører og byggevarer med god kvalitet til rett pris, påpeikar Holsvik.


Han legg ikkje skjul på at han er stolt over verksemda på Rystelandet i Ørsta. I god sunnmørsk næringsånd har Bygg1 reist seg stein for stein. Sjølv om dei i desse dagar tek sats for ei større satsing, er dei klare på at dei held føtene godt planta på jorda. Salgssjef Egil Skar forklarar ein del av suksessen med utvalet til dørgrossisten.


181 023e


– Vi har eit rikt utval av dører i alle variantar på lager til ein kvar tid. Det betyr at vi har langt meir enn standard mål på våre dører, noko vi «scorar» på kvar einaste dag, smiler salgssjefen.


– Vi leverer til byggeplassen som ein samlepakke når entreprenøren treng produkta, nesten over natta, understrekar marknadssjef Kristian Ose Silseth.


Årets leverandør
Sidan 2011 har Bygg1 vore årets leverandør og på sigerspallen hos fleire av kjedene som kjøper dørene sine hos dørgrossisen i Ørsta.


– Dette er vi stolte av, og viser at vi leverer kvalitet kvart år, seier daglig leiar Holsvik.


Han viser til nye og reforhandla kjedeavtaler med store aktørar som Mestergruppen, Byggmannhus, Byggfag, Norbohus, Norhus med fleire. Sortimentet til Bygg1 har blitt utvida, og eit nytt lagerbygg har nyleg reist seg.

– Vi starta med 100 kvadratmeter lager golvflate for 18 år sidan, i dag har vi 4500 kvadratmeter. Ny kontorfløy er planlagd og salgsavdelinga skal utvidast. Vi har vekst og vil satse på framtida, seier den daglige leiaren.


181 023xd

Kvalitetskontroll
Lista er lang over alle kontrollkrav som må på plass for å selge dører som grossist i dag. Dette gjeld også for kvaliteten, som Bygg1 står inne for.


– Dette gjeld også digitalisering. Der kundane våre hentar alt av informasjon om eit produkt digitalt via nettverket vårt. Dette sparer tid og gjer heile operasjonen mykje enklare, påpeikar marknadssjef Silseth, som viser til heile 8000 unike artiklar i sortimentet. 


Bygg1 sine leveransar kjem bilvegen frå Estland, Latvia, Finland, Sverige og Norge.

Bygg1 tek også eit aktivt samfunnsansvar, og arbeider etter ein høg miljømessige og sosial standard med utgangspunkt i både nasjonale og internasjonale retningslinjer og konvensjonar.


Bygg1 har også eit ønskje om å vere ein aktiv støttespelar til nærmiljøet.

– Vi støttar først og fremst lokale tiltak som er retta mot barne- og ungdomsarbeid. I tillegg til direkte økonomisk støtte til lag og organisasjonar, får ei rekke andre støtte i form av produkt og annonsestøtte til programblad og liknande, seier marknadssjef Silseth.


181 023cxvbg

Les mer...

2018-04-30 10.00

safenor5

Grossist med store ambisjoner: Fra liten grossist til ledende leverandør av det beste sikkerhetsutstyret

Artikkel Grossisten Safenor AS, tilbyr produkter innen sikkerhet, og er en viktig leverandør av dykkerutstyr, verneutstyr og kompressorer for forsvaret, brannvesen, politi og olje- og gassindustrien. Med ny B2B-nettbutikk,...
raniplast1

Anerkjent plastprodusent gir plast et bedre rykte med bærekraftig resirkuleringsfokus

Artikkel Plastprodusenten Rani Plast, investerer stort i ny teknologi og produktutvikling, og er godt rustet for fremtidens krav til plastproduksjon med resirkulerte plastfolier og nye produksjonsmaskiner.

    Kontaktinformasjon

    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    sigmund-eTgMFFzroGc-unsplash

    Digitale møter: Tips for nybegynnere

    Sagt ja til å holde dine første digitale møter? Tips om hvilken plattform, tekniske problemer & møteagenda finner du her.

    hytte

    Utnytt din gamle hyttes potensiale

    Hyttekulturen står sterkt i det norske samfunnet. Mange har hytter som har gått i arv gjennom generasjoner, og som med tiden trolig har blitt slitt og trenger oppussing. I dag bygges det nye hytter for fullt, og dessverre blir mange eldre hytter stående tomme eller revet ned for å bygge nytt. 

    Arkiv