172040172040do172040o172040e172040mo

-Realiser husdraumen din | Enerbygg Bolig AS

Draumebustaden er like rundt hjørnet. Få draumen realisert gjennom å ta kontakt med Enerbygg Bolig på Rystelandet i Ørsta. Bustadselgarane Caroline Egset og Lene B. Stokke set alltid kunden i fokus, i fellesskap vert husdraumen realisert.

Med kundefokus i høgsete ønskjer kundekonsulentane i Enerbygg Bolig alle velkomen. Dei har nyleg flytta over vegen frå sine gamle kontorlokaler, og kan by på kjempeflotte nye og innbydande lokaler mot sjøsida og Ørstafjorden.


-Vi er svært godt fornøgde med dei nye lokala våre, og ønskjer alle gamle og nye kundar velkomne innom for å sjå lokala, og for ein god husprat, smiler Lene og Caroline.


172040do


Elementbygg

Ikkje berre har Enerbygg Bolig gode og dyktige tømrarar, dei har også stort fokus på kvalitet i alle ledd. Såleis gjer du alltid eit trygt huskjøp når du signerer avtalen med den lokale og erfarne bustadverksemda.


-Eit av våre største og beste salsargument, er at vi sel elementbygg, seier Caroline Egset til Det Norske Bransjemagasinet. Ho viser til at Enerbygg Bolig brukar Smith Element-bygg, som har fabrikk på Rystelandet.


172040e


-Dei produserer ytterveggar, tak og golv i storelement innandørs. Denne produksjonsmåten reduserar byggetida, mellom anna fordi deler av huset kan produserast samstundes som arbeidet med grunn og grunnmur går føre seg. Kortare byggetid betyr også lågare byggelånskostnader, påpeikar bustadselgaren.


Mindre fukt

-Innandørs produksjon av veggar og golv gjer dessutan at det vert mindre fukt i bygget, noko som fører til betre inneklima, understrekar bustadselgarkollega Lene B. Stokke. Ho fortel at tørre hus, utan støv, er draumen til alle allergikarar og astmatikarar.


172040o


-Enerbygg Bolig AS realiserer denne draumen, smiler dei to representantane for Enerbygg. Lene og Caroline fortel at dei er med huskjøparen gjennom heile prosessen, frå første møte til nøkkelferdig hus. 


-Vi følger prosjektet nøye gjennom heile byggeperioden. Det er svært viktig for oss at kunden blir ekstra godt nøgd, slik at dei fortel om oss til andre. På den måten har vi eit godt fundament for framtida. Høg kvalitet er retningsgivande for heile verksemda vår, og husa våra finn du over store deler av Sunnmøre, seier dei.


172040mo


Stort utval

I katalogen til Nordbohus, som er huskjeda Enerbygg Bolig samarbeider med, er det over 40 hus å velge mellom.

-I tillegg har vi eit hav av variantar mellom desse husa. Vi kan også tilby arkitektteikna hus gjennom kjeda vår. Enerbygg Bolig kan tilby eit hus som tilfredsstiller alle krav som ein kunde har. Vi tilpassar oss etter kundane sine ønskjer og behov, seier Caroline og Lene.

Enerbygg Bolig har veldig mange spennande og varierande husprosjekt på gang, primært på søre Sunnmøre.  Det går mykje i funkishus, men også mange tradisjonelle hus.


-Ta kontakt med oss for ein god husprat, seier Lene og Caroline.


172040eo

Les mer...

2017-05-22 19:30

195016w3

Hemsedals utrolige utvikling gjør dem til en skidestinasjon for alle!

Artikkel – Alle kan få det dem er ute etter! Hemsedal er en fantastisk plass med veldig mange muligheter, forteller Martin Letzter, destinasjonssjef hos SkiStar i Hemsedal.
194026w2

Sliter du med muskelsmerter eller migrene? Da bør du oppsøke Cryoklinikken Porsgrunn!

Artikkel Hos Cryoklinikken Porsgrunn kan du få redusert både smerter, betennelser og fettceller, ved hjelp av en helt naturlig kuldebehandling.

    Kontaktinformasjon

    • Enerbygg Bolig AS
    • Hjemmeside
    • Facebook
    • Telefon:
      969 05 090
    • Adresse:
      Industrivegen 16, 6150 Ørsta
    193w2

    Hytteliv på svenskekysten

    Idylliske Bohuslän lokker mange sol- og badelystne nordmenn over svenskegrensa – sommer etter sommer. Bransjemagasinet har pratet med to erfarne feriehus-meglere, som forteller at de stadig får henvendelser fra kjøpelystne nordmenn.

    51842405_2091095327636632_3517487299556278272_o

    Vi søker medieselgere!

    Har du en selger i magen og brenner for næringsliv og oppsøkende salg, kan det være deg vi leter etter!

    67532874

    Et plantebasert liv: For dyrene, miljøet og helsen

    Bransjemagasinet har gått i dybden på det vegetariske kostholdet og hvordan et plantebasert kosthold påvirker dyrene, vår helse og vårt klimaavtrykk her på jorda.

    Arkiv