174035174035esedew174035e174035eaqe174035esdf174035poks174035på174035økpd174035esekøp174035peda

– Vi har miljøvennleg kunstgras

Sport Vest AS, med base i Volda på Sunnmøre, kan tilby miljøvennleg kunstgras. Gummigranulaten er erstatta med kunstgrasfiber, som gir nesten like god demping som gummi. Dette er ideelt for bruk i barnehagar og skular.

– Det nye innan ballbingar i dag, er integrerte 3ar fotballbaner. Vi kan i dag tilby ballbingar med tre 3ar fotballbaner. Sport Vest har hatt stort fokus på å tilby miljøvennleg kunstgras i Norge. I 2017 leverte vi i underkant av 30 nye prosjekt, ballbingar og ballsletter, over heile landet. 


Det seier Eldar Meek, eigar og dagleg leiar i Sport Vest. Han fortel om stor etterpurnad etter det nye miljøvennlige kunstgraset. No kan dei også levere dei ettertrakta 3ar banene med miljøvennlig kunstgras.


Ut med gummi 

Det har vore ekstra stort negativt fokus på kunstgrasbaner med gummigranulat siste året. Ikkje minst med tanke på miljøfaktoren, og gummien som til slutt endar i naturen. Eit stort ønskje over heile landet, og heile verda, har difor vore å få miljøvennlige kunstgrasbaner. Sport Vest og Eldar Meek har etter kvart merka at spesielt skular og barnehagar er ekstra opptekne av dette.


174035e


– Alt av kunstgras vi har levert i 2017 har vore til nettopp skular og barnehagar. Det er tydeleg at desse aktørane «tek opp hansken først», og ønskjer å tilby miljøvennlig kunstgras, påpeikar Meek. Han fortel at dei snart vil tilby liknande kunstgras til dei større kunstgrasbanene.


Lik pris

Myten om at miljøretta kunstgras er mykje dyrare enn kunstgras med gummigranulat, vert avfeia av kunstgrasleverandøren frå Volda. Han er klar på at kostnaden og kvadratmeterprisen vert lik over tid. Sport Vest har Norge som nedslagsfelt, men leverandøren har også hatt førespurnader frå andre europeiske land.


174035på


– Vi fokuserer på sal innanfor landet sine grenser, og har heile landet som nedslagsfelt. Av og til oppdaterer vi gamle anlegg, men vi sel for det meste nye prosjekt, seier leverandøren, som oppmoder både skular, barnehagar, grendalag og ikkje minst idrettslag til å ta kontakt.


Spelemidlar

Om kunstgraset i ein ballbinge er over 10 år kan ein søkje om spelemidlar til nytt gras.


– Dette betyr tilskot til utbyggar på 50 prosent som nærmiljømidlar, dekte dugnadstimar og tilbakeført moms. Eit kunstgras til ein prislapp på 100.000 kroner treng då ikkje koste meir enn om lag 25.000 kroner for utbyggar, påpeikar Meek. Han understrekar at anlegget må vere minst 10 år, for å søkje på denne støttefunksjonen frå spelemidlar.  Uansett så hjelper leverandøren til med utfylling av spelemiddelsøknad.


174035eaqe


Når det gjeld det miljøretta kunstgraset som Sport Vest tilbyr er det einsretta positive tilbakemeldingar.


– Dette gjeld faktisk alle dei som har kjøpt det nye kunstgraset av oss, smiler Meek. Han er klar for å ta imot nye bestillingar frå heile landet, og dei reiser gjerne ut på synfaring og monterer banene saman med godt erfarne montørar.


– Det er berre å ta kontakt med oss i Sport Vest AS, seier Eldar Meek.


Dei siste åra har Sport Vest levert sine ballbingar med stålmodular. Kundane ønskjer ballbingar som har minst mogleg vedlikehald. I tillegg skal ballbingen vere robust og tole det harde klimaet vi har langs kysten i Norge. Dette er ein ballbinge som er svært støysva og gir godt innsyn for lærarar og foreldre. Sport Vest gir også 20 års garanti på alle ståldelar.


– Modulane blir festa med ekspansjonsboltar til ringmuren, noko som vi i Sport Vest har gjort dei siste 15 åra vi har montert ballbingar. Alle ballbingar blir leverte med basketplate/ringar og volleyball/stolpar og nett.

Les mer...

2017-11-24 13.00

metodos8

Norsk branntestingsmetode revolusjonerer branntesting: Kutter både kostnader, tid og CO2-utslipp

Artikkel Metodos AS’ patenterte og DNV-godkjente branntestmetode, garanterer raskere typegodkjenninger og lavere kostnader, samtidig som den eliminerer CO2-utslippene til de tunge og dyre fullskalatestene. –...
vestrorleggerservice1

Fulle ordrebøker for bergensk rørleggerfirma: – Delaktighet er en stor del av suksessen

Artikkel Mesterbedriften Vest Rørleggerservice AS, kan skilte med sterke verdier og en særdeles høy fagkompetanse. Ved å involvere sine ansatte og skape en positiv arbeidskultur i en systemtung bransje, har selskapet...

    Kontaktinformasjon

    • Sport Vest AS
    • E-post
    • Hjemmeside
    • Telefon:
      928 59 123
    • Adresse:
      Vidjevegen 3, 6104 Volda
    93909511-f1e9-468e-bcc8-216c5ed2a48ehttps-__unsplash.com_photos_3XQI4AjG36c

    Hvem har ansvaret for brannsikkerheten i borettslag og sameier?

    Ansvaret for brannsikkerheten i et borettslag eller sameie er delt mellom eieren av bygget og styret. Men beboere har også et ansvar. Her kan du lese mer.

    hellofresh

    Hvordan skape mer hygge på kjøkkenet

    For mange er matlaging bare en av hverdagens plikter, en ndvendighet som nesten går på autopilot. Brødskiver smøres, poteter koker og oppvasken går, alt uten at du tar deg mye tid til å tenke over det. Kjøkkenet er gjerne ikke det første rommet du forbinder med hygge og kos, men vi mener det burde være det.

    compare-fibre-e5sTz361Jzg-unsplash

    Farvel til tradisjonell leksehjelp?

    Da foreldregenerasjonen var ung og selv gikk på skolen, var det vanlig at far eller mor måtte hjelpe med leksene etter skoletid. Dette har fungert i flere tiår, men kan også føre til sosiale ulikheter.

    Arkiv