Frå vatn til energi

Ulstein Fjernvarme tek seg av heile drifta av energisentralen. Den innovative bedrifta har stort fokus på å kunne tilby kunden «skreddarsaum» for sitt fjernvarmeanlegg.

Ulstein Fjernvarme pumpar store mengder med sjøvatn frå djupna ute i fjorden og inn til land. Der vert energien overført til landnettet som er ferskvatn. På land vert vatnet pumpa rundt i bygdebyen i to sløyfer, ein mot aust og ein mot vest. 


Begge desse sløyfene har forgreiningar undervegs i traseen. Ute i anlegget er det lokale energisentralar som nyttar varmepumpeteknologi.


– Vi kan tilby både varme og kjøling. Etter energisentral står kundesentral, som i praksis er bindeleddet mellom oss i Ulstein Fjernvarme og kunden, seier Øyvind Amdam. Bergensaren har vore dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme sidan 2013, og har stor tru på framtida for den miljøretta verksemda.


Klima og energi har hatt ekstra fokus i Ulstein kommune på Sunnmøre sidan 2010. Ny infrastruktur og mange store nybygg dei seinaste åra har resultert i nytenking på miljø. Med fjernvarme i mange kommunale og private bustadprosjekt, står kommunen fram som framtidsretta og med fokus på miljømessige energitiltak.  


Skreddarsaum

Den innovative bedrifta har stort fokus på å kunne tilby kunden «skreddarsaum» for sitt fjernvarmeanlegg.


– Alle kundar er ulike. Vi ser på kva bygget treng, føresetnadane for å få det til, og naturlegvis så miljøretta som mogleg. Målet er at det skal bli så energieffektivt som ein klarer å få til, påpeikar Amdam. Han viser til at det visuelle og estetiske også er viktig.


– Kommunen har ikkje noko overordna mål om at alle bustadhus og næringsbygg skal ha varmepumper hengande på tak og veggar. Dette gjeld også kjøletårn for større bygg, understrekar den daglege leiaren for Ulstein Fjernvarme. Han er klar på at dei ikkje har utvendige synlege installasjonar.  


Tilbod for alle

Den nye og miljømessige forma for energi er i dag eit tilbod for alle.


– I dag tilbyr vi løysingar der vi tek oss av heile leveransen og drifta av energisentralen. Dette sikrar at kunden har ein byrde mindre å tenke på. Vi utfører service, vedlikehald og overvaker døgnet rundt at alt fungerer. Kunden har berre ansvaret for sitt eige distribusjonsanlegg i sin eigen eining, opplyser Øyvind Amdam.


Den daglige leiaren for Ulstein Fjernvarme fortel at dei er med på stort sett alle nye kommunale byggeprosjekt i kommunen. Dette gjeld ikkje minst den nye storstova, Ulstein Arena, med husstandane omkring.


– Dette er vår største energisentral per i dag, påpeikar Amdam. Han fortel vidare om bustadprosjektet Bjørndalvegen Park, Ulsteinvik barneskule, Ulsteinvik ungdomsskule, nytt rådhus, ny kyrkje og eksisterande kyrkje, som etter kvart vil koble seg på denne sentralen.


– I utgangspunktet kan alle som er langs traseen, få fjernvarme.  Men for mindre einingar, som til dømes einebustader, vil ein måtte vurdere kvart enkelt tilfelle, opplyser Amdam.


Han viser til at dersom det er fleire einingar i området, og om oppvarminga i bustadene er basert på vassboren varme, så kan det vere aktuelt å tilby ei løysing. Amdam er klar på at nye utbyggingsområde som ligg langs, eller i nærleiken av hovudtraseen, heilt klart vil kunne hauste fordelar av å nytte Ulstein Fjernvarme si løysing om ein planlegg dette frå starten av.


 – Større bygg, til dømes leilegheitskompleks, kontorbygg, kjøpesenter, skular, hotell og andre større bygg som har eit visst energibehov, er naturlegvis aktuelle, seier Øyvind Amdam, daglig leiar i Ulstein Fjernvarme.

Les mer...

2018-01-19 09.15

drømmekjøkkenet1

Konkurransedyktige kjøkken for vellykkede boligprosjekter

Artikkel Drømmekjøkkenet kombinerer høy prosjektkompetanse med bærekraft, kvalitet og prisgunstighet, og er derfor én av entreprenørenes førstevalg i boligprosjekter.
minikranost2

Enkle, fleksible og utslippsfrie løfteløsninger for bygg- og anleggsbransjen

Artikkel Minikran Øst AS stiller med en moderne maskinpark og helelektriske minikraner som dekker et stort behov på Norges byggeplasser.  – Elektriske minikraner er lettere, sikrere, utslippsfrie og mer effektive,...

Kontaktinformasjon

elbil

Kjøring med elbil om vinteren – hvordan få bedre rekkevidde?

Elbiler (EV) representerer fremtiden for transport, men deres effektivitet under utfordrende vinterforhold kan være en utfordring.

norge

Norges økonomi viser vekst og påvirker byggebransjen

Den norske økonomien har vist jevn vekst de siste tre kvartalene, noe som skaper optimisme på tvers av ulike sektorer. Byggebransjen er spesielt godt posisjonert til å dra nytte av denne økonomiske oppgangen.

kroatia

Kroatia – et land som rommer mer enn kysten

Kroatia forbindes ofte med sol, bading og klart hav, men landet har langt flere sider enn det førsteinntrykket mange sitter igjen med.

Arkiv