181034w9181034w10181034w3181034w4181034w2181034w5181034w6181034w7181034w8

Spar miljøet med rett avfallstenester

Korleis kan du vere sikker på at avfallet ditt går dit det skal? Med Retura Søre Sunnmøre som din gjenvinningspartner kan du vere trygg på at du sparar miljøet.

Både som privat- og næringskunde kan du vere med å medverke til redusert grad av forsøpling og forureining ved å velje Retura Søre Sunnmøre AS til å handtere avfallet ditt.


– Vi tykkjer det er viktig at vi har eit minimalt fotavtrykk på det ytre miljøet, seier dagleg leiar Bent Jan Nilsen.


Retura Søre Sunnmøre AS er miljø- og kvalitetssertifisert og har eigen konsesjon for mottak av næringsavfall og farleg avfall som er einstor tryggleik for kundar.


Avfallsselskapet er lokalisert i Hovdebygda i Ørsta og har heile Ørsta og Volda som marknadsområdei tillegg til fleire lokale kundar utover desse grensene. 


181034w3


Retura har stort fokus på rask levering av containerar som dei disponerer 500 av til både private- og næringskundar. Ein ny kranbil og ein ny containerbil er nyleg blitt ein del av bilparken som er skifta ut dei siste åra og fått ei oppdatering med omsyn til miljø.


– Vi har no fire containerbilar og ein kranbil som me brukar til å setje ut containere på litt uvanlege og vanskelege plassar for kundar som ynskjer det, seier Nilsen som sjølv har vore i bedrifta i 12 år.


Forutan utleige av containerar har Retura verksemd som rådgjeving, innsamling og transport av avfall og utarbeiding avavfallsplanar.


– Vi jobbar tett med byggje- og entreprenørfirma i kommunane som har sorteringskrav på 60 prosent der me assisterer med rådgjeving av rett containerar samt avfallsplanar og sluttrapportar, seier kunde- og driftsansvarleg Jon Arne Steinsvik.


Både Steinsvik og Nilsen framhevar at Retura gjer sitt beste for å vere på pletten for kunden når dei trengst.


181034w4


– Ofte treng kunden ei rask handsaming for å få tømt ein container eller satt ut ein ny – vi ynskjer å kunne levere same dag med kort responstid, seier Steinsvik som legg til at dei har både ei ny heimeside og snart ein app tilgjengeleg for kundar.

Som ei miljøretta bedrift har Retura Søre Sunnmøre eit sterkt fokus på sirkulær økonomi. Nilsen fortel at for å imøtekome nye krav og retningslinjer vil trevirke frå riving og bygging etter kvart gå til materialgjenvinning  ved blant anna produksjon av trefiberplater.


– Det nye no vil bli utsortering av matavfall som vi vil kunne tilby til næringskundar som kantiner, barnehagar, skuler og hotell. Dette vil då gå vidare til å lage gjødselprodukt og biogass til bilpark.


– Som ei framoverlent bedrift likar vi å halde oss i forkant av nye krav som kjem innan miljøretteavfallstenester, seier dagleg leiar.


181034w10

Les mer...

2018-12-12 13.30

antirustgruppen2

Ny kjede med antirustverksteder vokser med vinnende konsept

Artikkel AntirustGruppen AS vil profesjonalisere verkstedpraksisen innenfor antirustbehandling, med et trygt verkstedkonsept som ivaretar antirustverkstedenes drift og kvalitet gjennom sertifiseringer og miljøtilpassede...
elbil

Kjøring med elbil om vinteren – hvordan få bedre rekkevidde?

Artikkel Elbiler (EV) representerer fremtiden for transport, men deres effektivitet under utfordrende vinterforhold kan være en utfordring. I kaldere måneder reduseres litium-ion-batteriers kapasitet, noe som fører...

    Kontaktinformasjon

    • Retura Søre Sunnmøre
    • E-post
    • Hjemmeside
    • Facebook
    • Telefon:
      70 04 86 10 / 958 13 388
    • Adresse:
      Torvmyrane 29 6160 Hovdebygda
    norge

    Norges økonomi viser vekst og påvirker byggebransjen

    Den norske økonomien har vist jevn vekst de siste tre kvartalene, noe som skaper optimisme på tvers av ulike sektorer. Byggebransjen er spesielt godt posisjonert til å dra nytte av denne økonomiske oppgangen.

    kroatia

    Kroatia – et land som rommer mer enn kysten

    Kroatia forbindes ofte med sol, bading og klart hav, men landet har langt flere sider enn det førsteinntrykket mange sitter igjen med.

    elbil

    Kjøring med elbil om vinteren – hvordan få bedre rekkevidde?

    Elbiler (EV) representerer fremtiden for transport, men deres effektivitet under utfordrende vinterforhold kan være en utfordring.

    Arkiv